• Blogg
  • Nynorsk i lærarutdanninga

Nynorsk i lærarutdanninga

16.01.2023

Laerarutdanning

Skal alle elevar, både dei som har nynorsk som hovudmål, og dei som har det som sidemål, bli stødige språkbrukarar, er det heilt naudsynt med kompetente lærarar som kan støtte elevane i eiga språkutvikling.

Tekst: Ida Marie Jegteberg
Illustrasjon: Rune Markhus

Nettverk for nynorsk i lærarutdanninga har som mål å fremje nynorsk i universitets- og høgskulesektoren. Nettverket skal vere støtte i oppdraget lærarutdanningane har om å sørge for at dei komande lærarane kan bruke både nynorsk og bokmål på ein «kvalifisert måte i profesjonssamanheng», slik dei to forskriftene om rammeplan for grunnskulelærarutdanning seier dei skal.

På sida til nettverket kan du gå inn og lese meir om mellom anna arbeidsoppgåvene til nettverket. Her ligg det også tidlegare presentasjonar frå nettverksmøte, samt artiklar, rapportar og avhandlingar dersom du ynskjer å lese nokre akademiske tekstar om nynorsk i opplæringssamanheng. Noko av det nettverket skal arbeide med, er å spreie kunnskapar om nynorskforsking og nynorskopplæring i lærarutdanningane, så ta gjerne kontakt om du vil bidra med noko som kan vere relevant i denne samanhengen.

Kontaktperson er stipendiat Ida Marie Jegteberg ved Nynorsksenteret.

Opptak frå nettseminar om nynorskdidaktikk

Tysdag 6. desember vart den nye læreboka Nynorskdidaktikk presentert av dei tre forfattarane Hjalmar Eiksund, Gudrun Kløve Juuhl og Kristin Kibsgaard Sjøhelle. Her kan du sjå opptak frå seminaret.