Nynorsk leseaksjon vert utvida til 8. trinn
25.02.2025

Den nynorske leseaksjonen Tid for ti får økonomisk støtte av Utdanningsdirektoratet i tre år framover.
– Det inneber at vi kan trykke antologien i fysiske eksemplar frå neste år. Frå 2026 vil vi også utvide tilbodet slik at ikkje berre 7. trinn, men også 8. trinn, kan få tilsend antologien, seier prosjektleiar Petra J. Helgesen i Foreningen !les.
Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon som er eit samarbeid mellom Foreningen !les, Nynorsksenteret og andre nynorskaktørar. Kvart år inneheld Tid for ti utdrag frå ti nynorske bøker. Det er gratis for skulane å delta. På nettsida tidforti.no finn du tekstutdrag, lydfiler og undervisningsopplegg.
– Vi har lenge drifta Tid for ti for eigne pengar, utan direkte statleg støtte. I fjor merka vi at det ikkje lenger var mogleg, og vi måtte gjere aksjonen heildigital. Pengane frå Udir tyder at vi kan gi ut fysiske antologiar igjen, og vi får også moglegheita til å utvikle aksjonen vidare, seier Petra J. Helgesen.
Leseaksjonen feirar ti år i år, og dei siste åra har Foreningen !les fått fleire og fleire tilbakemeldingar frå ungdomsskulelærarar som ønskjer å ta i bruk antologien på 8. trinn.
– Vi tenker det vil vere ein styrke at elevane møter antologien både i slutten av barneskulen og i starten av ungdomsskulen, seier ho.

Kvifor er Tid for ti viktig?
Petra J. Helgesen meiner det er tre faktorarar som gjer leseaksjonen Tid for ti viktig.
– For det første viser Tid for ti breidda i den nynorske samtidslitteraturen for ungdom. Eg trur det kan vere vanskeleg for både lærarar og elevar å finne den nynorske litteraturen i flaumen av bokmålsutgivingar kvart år, men litteraturen er der, og han er mangfaldig. Derfor er Tid for ti viktig formidling, seier ho.
For det andre synleggjer Tid for ti for nynorske elevar at språket deira kan brukast til alle dei ulike sjangrane.
– Her finn dei faktatekstar, teikneseriar og spenning – og dei finn forhåpentlegvis ein tekst som passar for akkurat dei. Språk er tett knytt til identitet, og elevar på 7. og 8. trinn treng å vite at språket deira kan vere ein del av den vidare identitetsutviklinga deira. Vi ser at mange elevar i denne aldersgruppa vel overgang til bokmål, seier ho.
For det tredje er Tid for ti er eit godt og mjukt møte med nynorsken for dei elevane som skal ha nynorsk som sidemål.
– I staden for å byrje med historia om Ivar Aasen eller grammatikk, kan dei møte det nynorske språket i tekstar som engasjerer dei. Overgangen frå 7. til 8. trinn er kritisk når det gjeld kva haldning elevane møter sidemålet sitt med, seier Helgesen.
Positive tilbakemeldingar
Det store fleirtalet av tilbakemeldingar på Tid for ti er positive.
– Lærarane opplever at elevane får eit mykje meir positivt syn på sitt eige språk eller på sidemålet. Dei er veldig fornøgde med dei undervisningsopplegga Nynorsksenteret lagar, seier Petra Helgesen.
Det er viktig at dei elevane som skal ha nynorsk som sidemål, får eit meir positivt syn på nynorsken.
– Det skapar motivasjon og gjer det lettare for dei å lære seg språket. Om vi klarer å skape ei meir positiv stemning rundt nynorsk i bokmålskommunane, vil det også komme nynorskbrukarane til gode, meiner ho.
No ser mange fram til at det vert fysiske antologiar igjen frå 2026.
– Sjølv om ein digital antologi også fungerer, er det openbert at dei fysiske antologiane har ein større verdi. Når kvar elev får noko fysisk med seg heim i sekken, blir tekstane lesne meir, og dei blir delte med resten av familien. Vi veit dessutan at konsentrasjonen om ein fysisk tekst er djupare og betre, enn når du les på skjerm, seier Petra Helgesen.
