Ytring: Nynorsk update @ skulen
06.08.2019
«Hey, Google! Kva skjer i skulen i dag?»
«Hei, Siri! Kan du nynorsk?»
Tekst: Åge Avedal, rådgjevar i kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Illustrasjonsfoto: Jeshoots.com
Svaret på det siste spørsmålet er nei. Google kan ikkje nynorsk. Apple kan ikkje nynorsk. Microsoft kan litt nynorsk – viss du endrar innstillingane og lastar ned «en språkpakke». I Word kan eg sette «norsk» som visningsspråk. «Norsk» er då synonymt med bokmål. Nynorsk er ikkje eit alternativ. Alle knappar, menyar og hjelpefunksjonar er dermed på bokmål. Er det eg eller Microsoft som er dumme?
Bokmålsknappar i Word betyr ikkje så mykje for meg. Eg er 39 år og har, etter ni års grunnskule, tre år vidaregåande, seks år høgare utdanning og 14 år i arbeidslivet lært at Hjem betyr Heim og at Se gjennom betyr Sjå gjennom. Eg forstår òg eit og anna engelsk ord. Wi-Fi betyr trådlaust nettverk. Bluetooth? Ja, det betyr Bluetooth. Far min kallar det av og til blåtann, men for meg gir det same meining som Bluetooth.
Men eg trur definitivt at dette betyr noko. Det betyr noko for jentungen min på sju år: «Se pappa, her e ein morsom funny cats-video på YouTube». Det betyr noko for 10-åringen min: «Pappa kor e ladern? Eg må charge telefonen.» Og for 13-åringen min, som har fått charga telefonen, og skriv til meg: «Kan vi møtest @ skulen? Husk å ta med visakortet mitt».
Nynorsk er under press
Nynorsk er under press, og det største presset kjem frå dei multinasjonale selskapa som går i front i den digitale tidsalderen. Google. Apple. Facebook. Microsoft. Desse fire og nokre til er ein stor del av livet til alle, heilt frå dagens toåringar til dei som er 100. Då eg vaks opp hadde vi ein fjernsynskanal, eit par radiokanalar, lokalavisa, ei og anna bok og nokre blad. Eg fekk ei Amiga spelemaskin med diskettstasjon og 600 MB minne då eg var 12 år. Då eg var 14 fekk eg ei IBM-maskin med Windows XP og Office-pakke. Først då eg var over godt over 20 fekk eg nettverk i hus, med Internet Explorer som nettlesar.
I dag lærer små barn å halde nettbrett, skei og gaffel på same tid. Eg skal ikkje moralisere over dette. Eg er ein minst like dårleg digital forelder som dei fleste andre. Det som uroar meg er at dette påverkar språket vårt sterkt. Språket er den fremste identitets- og kulturmarkøren vår. Eg er ikkje meg om eg ikkje får snakke dialekta mi og skrive nynorsk.
Nynorsk i den digitale verda
I dagens digitale verd er nynorsk marginalisert og nesten borte. Eg er til og med uroleg for bokmålet, som er pressa av engelsk. Samtidig er digitale løysingar framtidas løysingar. Moglegheitene for spreiing av kunnskap, informasjon, meiningar, opplevingar og kulturuttrykk er enorme gjennom dei digitale flatene. Men ein må ikkje undervurdere språket i denne samanhengen. Og ikkje minst er språk viktig i dei digitale læreverktøya i skulen.
Berre 15 av i alt 104 digitale læremiddel er tilgjengelege på nynorsk, i følgje ei undersøking gjort av Mållaget i 2018. Dei fleste operativsystem, skriveprogram, rekneark og presentasjonsverktøy finst ikkje på nynorsk. Enkelte er ikkje på norsk i det heile.
Skulane bryt opplæringslova
Nettbrett, datamaskiner og digitale verktøy kjem til å dominere den norske skulen i endå større grad i åra framover. Samtidig slår opplæringslova fast at eleven har rett til læremiddel på ønskt målform; nynorsk eller bokmål. I følgje lova gjeld dette «trykte, ikkje-trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa». Etter mi meining bryt skulane opplæringslova dagleg ovanfor elevar som nyttar nynorsk.
Korleis skal ungane mine og elevar i den norske skulen få eit klart og godt språk når dei konstant møter ei blanding av engelsk, bokmål og ein sjeldan gang nynorsk? Det er ikkje få gongar at eg som forelder har pirka på skriftspråket til ein av ungane, ofte til sukk og stønn. «Pappa, no er du berre mean…»
Mange vel bokmål
Ved overgangen til vidaregåande skule byter halvparten av elevane språk frå nynorsk til bokmål, i følgje Utdanningsdirektoratet. Eg forstår godt at mange vel den enkle vegen. Det er mange faktorar som spelar inn ved språkbyte, men det manglande møtet med nynorsk på digitale flater er heilt klart ein av dei.
Dei siste åra har vi fått digitale verktøy som kan gjere tekst til tale og tale til tekst. Kjempegode læremiddel som kan revolusjonere språkopplæringa for innvandrarar og vere til god støtte for mange med skrive- og leseutfordringar. Men kva hjelper det når verktøya ikkje forstår eller pratar sognamaol, trøndsk eller sørrlansk?
Staten må stille krav
Eg trur både kunnskapsministrane og kulturministrane har sove i timen dei siste åra. Og det med tastatur som hovudpute. Har ministrane i iveren over alle dei nye digitale plattformene gløymt at desse kjem med eit språk? Eg meiner staten må stille krav til dei som utviklar digitale læremiddel og at må lagast støtteordningar til dei som tilbyr desse på begge dei to norske språka. I tillegg må regjeringa komme med midlar til ein norsk dialekt- og språkbank.
Heldigvis er no arbeidet i gang med både nye læreplanar i skulen, ny språklov og ei stortingsmelding om språk. Og så har vi fått oss ein eigen Digitaliseringsminister i Norge.
«Hey, Google! Er det von i hangande snøre?»