• Blogg
  • Ytring: Nynorske elefantar

Ytring: Nynorske elefantar

26.10.2018

Elefanten I Rommet

Tekst: Torgeir Dimmen, leiar for Nynorsksenteret
Foto: Stefernie, Flickr (CC BY-NC-ND 2.0)

Elefantar er tunge og vanskelege å rikke på. Nokre er lette å sjå, andre elefantar i rommet blir gøymde eller gløymde. Begge slag finst i debatten om nynorskopplæringa i skulen.

Grunnlaget er greitt: Nynorsk og bokmål er formelt likestilte skriftspråk i Noreg. Slik har det vore sidan 1885. Ei ny språklov kjem snart, men det er i dag ingen signal frå noko politisk hald om at den grunnleggande statusen til nynorsk skal endrast. Alt tyder på at dei overordna prinsippa i norsk språkpolitikk ligg fast i overskodeleg framtid.

Riksmål/bokmål har alltid vore, og er framleis, det klart mest brukte av dei to variantane av skriftleg norsk. Det finst ikkje sikre tal for kor mange nordmenn som i dag helst skriv nynorsk, men 10–12 %, eller 500 000–600 000, er eit ofte brukt anslag. Dei fleste av desse bur på Vestlandet, men det finst nynorskbrukarar over heile landet.

Opplæringa i skulen er den viktigaste arenaen for å bevare nynorsk som eit levande språk i Noreg. Akkurat no er vi inne i ein avgjerande fase. Den såkalla fagfornyinga for dei sentrale skulefaga er godt i gang, og i løpet av 2019 skal nye læreplanar vere vedtekne.

Kva moment er viktige, og kva argument er gode for å sikre ei best mogleg opplæring i nynorsk i morgondagens skule?

Her kjem elefantane inn:

Elefant 1: Formell likestilling mellom nynorsk og bokmål – reell asymmetri

Nynorskelevar og bokmålselevar har svært ulikt grunnlag for å bli gode skrivarar – både i hovudmålet og i sidemålet. Bokmål dominerer på så å seie alle norskspråklege arenaer utanfor skulen, også i kjerneområda for nynorsk. Born og unge i alle landsdelar møter difor sjeldan tekstar som kan fungere som nynorskspråklege førebilete. Mengdetreninga manglar, både for elevar med nynorsk som hovudmål og for dei som skal lære nynorsk som sidemål. Manglande læremiddel og læringsressursar på nynorsk forsterkar denne ubalansen.

Resultatet er at mange nynorskselevar strevar med å bli stødige brukararar av hovudmålet, og at bokmålselevane strevar med å lære sidemålet. Dei må bruke mykje tid på grunnleggande øvingar, medan lærarar i nynorskskular knapt nok treng tenke på systematisk sidemålsopplæring. Elevane deira har vore bada i bokmål heilt frå barnehagealder, og mange er gjerne betre i bokmål enn i nynorsk.

Denne røynda viser ikkje att i læreplanen i norsk, korkje den som gjeld i dag (frå 2013) eller i førsteutkastet til den nye (oktober 2018). Her er det ikkje skilt mellom nynorsk sidemål/hovudmål og bokmål sidemål/hovudmål nokon stad. Korrekt ut frå offisiell status for dei to språka, men likevel problematisk på grunn av den store asymmetrien i vilkåra for språkopplæring for dei to elevgruppene.

Elefant 2: Dårleg samsvar mellom formelle kompetansekrav og reell sensurpraksis.

Dette poenget heng saman med det første. I dagens læreplan er kompetansemåla for hovudmål og sidemål formelt sett like. Ei lita nyansering kjem rettnok inn i gjeldande sensorrettleiing. Her er det ei formulering som opnar for å vurdere eit eksamenssvar på sidemål litt mindre strengt enn eit på hovudmål.

Kanskje forståeleg, men denne pragmatiske vrien med slakkare krav til eksamen enn i læreplanen er vanskeleg å tenkje seg i andre eksamensfag enn (nynorsk) sidemål.

Kva er praksis hjå norsklærarar på ungdomstrinnet og vidaregåande trinn som skal setje standpunkt- og eksamenskarakterar? Sikker empiri finst ikkje, men mange med god kjennskap til dette landskapet hevdar at skalaen blir brukt ulikt, alt etter kva slag elevgruppe det er snakk om. I alle fall i standpunktvurderinga, truleg også i eksamenssensuren.

Dette er uheldig av minst to grunnar.

For det første bør ei sluttvurdering med karakter på vitnemålet vere eit mest mogleg objektivt mål på graden av oppnådd kompetansemål i det aktuelle faget. Ein firar i sidemål frå Bøler eller Berlevåg tel like mykje eller lite som ein firar i hovudmål frå Volda eller Voss når eleven skal vidare i utdanningsløpet.

Ei eventuell situasjonsbestemt sidemålsvurdering honorerer heller ikkje den reelle tospråkskompetansen til nynorskelevar som skriv bokmål og nynorsk like godt. Det er mange av dei, og det er bra. Både fordi dei dermed faktisk oppfyller dette kompetansemålet i læreplanen, og fordi dei er betre kandidatar til jobbar som føreset skrivekunne på begge dei norske skriftspråka. T.d. som lærarar. Langt færre bokmålselevar har like god reell skriftspråkleg fleksibilitet.

Oppsummert 1 + 2:

Gjeldande læreplan speglar den formelle likestillinga mellom nynorsk og bokmål. Den reelle asymmetrien mellom dei to språka gjer det vanskeleg å formulere kompetansemål som er presise og realistiske for alle elevar i Noreg, uavhengig av opplæringsspråk.

Gode løysingar på dette dilemmaet er ikkje lette å finne, men problemstillingane må fram i lyset og vere med i det vidare arbeidet med kompetansemål og vurderingsordningar i fagfornyinga.