• Blogg
  • Nynorske fotballbøker

Nynorske fotballbøker

21.09.2018

Fotballbøker

Tekst: Anna Sunniva Sørbø

Hjørnespark og langpasningar, dribling og heiarop – fotballbøker treffer mål!

Det er liten tvil om at fotball er noko som engasjerer både store og små. Då er det kanskje ikkje så overraskande at temaet også er sentralt i barnebøker. På nynorsk finn vi tre seriar som handlar om fotball. Lars Mæhle sin Knoterud FK-serie og Atle Berge sine bøker om Barcelona-gjengen er begge lettles-seriar som kretsar rundt fotballlag. I tillegg kjem den omsette serien Fotballgudane av Gerard Van Gemert og bøker som Keeperen og havet og Ørjans keeperskole.

«Fotball er ikkje eit spel på liv og død. Det er mykje viktigare enn som så.»

Knoterud Fk I Norway Cup

Knoterud FK

Lars Mæhle sine bøker om Knoterud FK er ein del av Cappelen Damm sin Leseløve-serie. Ti bøker skal følgje eit fotballag gjennom ein heil sesong, og så langt har ni kome ut. Knoterud FK spelar i serien for gutar 9 år, og er Østfolds dårlegaste fotballag. Utgangspunktet er at dei aldri har vunne ein kamp, aldri har skåra, men derimot har sett ny rekord i baklengsmål. Med stor iver møter laget nye motstandarar, og du skal ikkje sjå vekk ifrå at dei kanskje blir betre i løpet av sesongen.

Knoterud FK er ei samling sjarmerande karakterar som det er lett å bli glad i. Forteljingane er lette og fulle av humor, og alltid med eit element av spenning som driv historia framover. Fotballen er sjølvsagt i sentrum, men i fleire av bøkene får ein også historier om hendingar utanfor bana, og bøkene byr på fine observasjonar om mellom anna venskap, forelsking, sjølvtillit og meistring. 

Matias Maradona

Barcelona-gjengen

Atle Berge har skrive fire bøker om eit gutelag der alle er hardbarka Barcelona-fans. Her er det tett mellom referansane til både lag og spelarar, og spelinga er skildra med fotballterminologi. Dette er bøker som alle fotballinteresserte vil kjenne seg igjen i ganske raskt. Samtidig tek serien for seg allmenne problemstillingar, som det å vere ny i byen, å måtte gjere ting ein ikkje er god til, eller å velje mellom å vere feig eller ta sjansar. 

Bøkene er kortare enn Knoterud-serien, men siktar seg inn på same målgruppe. Med enkelt språk, stor skrift og ikkje for mykje tekst per side høver begge desse seriane godt for unge lesarar, 8–12 år.

Fotballgudane1

Fotballgudane

Fotballgudane er serien om bestevenane Stein og Storm som begge er dyktige spelarar på laget FK Rapitas. Til no har det kome tre bøker i serien, som rettar seg mot 9–12-åringar. I første boka, Kampen om pokalen, kjem Stein og Storm i konflikt med deira største rivallag: Stutane. Utfordringane står i kø både heime og på bana, og det viser seg at følgjene ikkje berre blir ein kamp om meisterskapen. 

I andre boka, Farleg spel, reiser Stein, Storm og resten av laget til London for å sjå semifinalekampen mellom Kick 69 og Petchwood United. Her står ei ny runde med fart og spenning for tur når kjeltringar tek grep for å hindre at sigeren går til Kick 69. Stein og Storm blir fanga i eit farleg spel når uventa hendingar utfoldar seg.

I tredje boka, Utfinting, er Stein og Storm på treningsleir i lag med førti andre spelarar for å førebu seg til det europeiske meisterskapet for aldersbestemte landslag. Av desse, får tjueto spelarar reise vidare til meisterskapet i Barcelona. Men kva skjer når Stein overhøyrer noko han absolutt ikkje skal vite om? Og kva kan dette ha å seie for sjansen deira til å spele i meisterskapet? Utfinting byr på små og store konfliktar, og Stein og Storm blir nøydde til å gi seg ut på kanten av lova for å finne ei løysing.

Keeperen Og Havet Stort

Keeperen og havet

Den prisvinnande boka Keeperen og havet av Maria Parr har òg, som tittelen fortel, ein del fotballtematikk. Korleis skal Lena få fart i keeperkarrieren når trenaren lagar livet surt for henne? 

Boka er ein frittståande oppfølgjar til Vaffelhjarte, og er retta mot 9–12-åringar. Både Lena og Trille har blitt litt eldre sidan Vaffelhjarte. Nye utfordringar ventar, og det er duka for mykje drama og sterke kjensler det komande året. Uversskyer kan kaste skuggar både i bokstavleg og i overført tyding, og det er ikkje alltid at livet i Knert-Mathilde er like idyllisk, verken på den eine eller andre måten. Kva hender med vennskapet mellom Lena og Trille når ei ny jente, som attpåtil er frå Nederland og har lyse englekrøller, dukkar opp i klassen? Kan farfar halde fram med å jakte på storfisken sjølv om han tek til å bli gammal?

Keeperskole

Ørjans keeperskole

Til sist kan vi nemne faktaboka Ørjans keeperskole av Ørjan Håskjold Nyland. Boka inneheld først og fremst tips til born og ungdom om korleis dei kan bli ein god keeper. Men innimellom avsnitta med «reine» treningstips kjem forteljingar frå eigen karriere og nokre tekstrammer med fotball- og keeperfakta. Boka byrjar og sluttar dessutan med levande skildringar av korleis ein målmann tenkjer og handlar i avgjerande situasjonar i ein kamp.

Og om du ikkje har skjønt dette med fotball enno, så kan Knoterud FK sin største (og einaste) supporter forklare det: «Fotball er ikkje eit spel på liv og død. Det er mykje viktigare enn som så.»