• Blogg
  • Nynorskelevane treng ei betre opplæringslov!

Nynorskelevane treng ei betre opplæringslov!

24.03.2023

Synnøve M Sætre 40utsnitt

– Forslaget til ny opplæringslov betrar ikkje den allereie alvorlege læremiddelsituasjonen for nynorskelevane, seier senterleiar ved Nynorsksenteret, Synnøve Marie Sætre.

Foto: Kristianne Marøy

Kunnskapsminister Tonje Brenna har no presentert regjeringa sitt framlegg til ny opplæringslov. Sætre meiner at ei ny opplæringslov i mykje større grad må vere tilpassa den digitale skulekvardagen enn framlegget frå regjeringa er.

– Nynorskelevane treng ein lovfesta rett til læremiddel som gjev dei ei likeverdig opplæring og ein reell rett til læremiddel på eige språk. Det får dei ikkje med dette framlegget, seier senterleiar ved Nynorsksenteret, Synnøve Marie Sætre.

Med det digitale inntoget i skulen har læremiddelsituasjonen for nynorskelevane blitt verre. Der ein før hadde ei lærebok, har ein no eit mangfald av appar, digitale verktøy, nettressursar og liknande. Mange av læringsressursane som vert brukte i klasserommet, finst ikkje på nynorsk, og det går hardt utover kvaliteten på elevane si opplæring.

– Me kan ikkje lenger sjå på at eksterne aktørar får styre språksituasjonen i skulen. Kravet om at læremiddel skal finnast på både nynorsk og bokmål må også gjelde for læringsressursar, slik at nynorskelevane får møte meir av språket sitt, ikkje mindre. Den samla summen av unntaka frå språkkrava slår svært uheldig ut. Til dømes er kravet til læremiddel i norskfaget svekt, seier Sætre.

Ho peikar på at det er positivt at forslaget om språkdelt ungdomsskule framleis ligg fast, og at kravet om at skriveprogram må støtte både nynorsk og bokmål er skjerpa.

– Det er viktige tiltak for nynorsken og nynorskelevane, men om ikkje språkkravet til læremiddel femner breiare enn det gjer i framlegget frå regjeringa, vil nynorskelevane få ei mangelfull opplæring i språket sitt, stikk i strid med offisiell norsk språkpolitikk, seier Sætre.

No håper ho at språkkravet til læremiddel vert skjerpa i Stortinget.

– No speler Stortinget ei avgjerande rolle. Skal nynorskelevane få ei like god opplæring i språket sitt som bokmålselevane får, må kravet til læremiddel vere klokkeklart i den endelege opplæringslova. Berre slik kan stortingsrepresentantane vise at dei tek nynorskelevane og nynorsken på alvor, slår Sætre fast.

Last ned pressefoto: Synnøve Marie Sætre (Foto: Kristianne Marøy)