• Blogg
  • Nynorskkompetane på veg!

Nynorskkompetane på veg!

09.01.2024

Illustrasjonsbilete Nynorskkompetanse på veg

Idet du les over elevteksten, oppdagar du det med ein gong. Teksten er full av feilskrivne ord som verken eksisterer i nynorsk- eller bokmålsordboka, men som eleven har funne opp sjølv. Korleis gje framovermelding til ein elev som har openberre språklege utfordringar når det kjem til å skrive nynorsk? Fortvil ikkje. Her kjem nokre tips og grunngjevingar du kan bruke til å motivere eleven til vidare innsats.  

Tekst: Jorid Saure, høgskulerektor ved Nynorsksenteret og lærar i ungdomsskulen
Illustrasjonsfoto: Kib & Morits

Det er ikkje uvanleg at elevar som lærer seg å skrive nynorsk, prøver seg fram gjennom skrivinga. Eit resultat kan til dømes bli at presensforma av verbet «å sjå» blir til «sjår», eller at eleven skriv spørjeorda «kvem» i staden for «kven», eller «kvissleis» i staden for «korleis». I tillegg til denne typen leksikalske feil, kan eleven også ha andre grammatiske feil som går på ordstilling, bøying eller feil bruk av verbformer, substantiv, pronomen, osb. Likevel vil ofte dei sjølvlaga orda som «sjår» og «kvem» merke seg ekstra negativt ut i ein elevtekst, fordi dei språklege nydanningane så tydeleg viser at eleven ikkje kjenner til korleis orda vert skrivne og bøygde. Denne typen skrivefeil kan også framstå som slurvete, og det er lett å tenkje at eleven ikkje eingong har prøvd å skrive korrekt. Då er det viktig å minne seg sjølv på at denne typen skrivefeil ofte er eit teikn på at eleven i ferd med å utvikle ein nynorsk språkkompetanse. Vygotsky (1978) har skrive om korleis vi kan sjå på feil i språket hjå barn som eit teikn på at barnet forsøker å utforske språket. Kreativ ordlaging hjå elevar som skriv nynorsk som sidemål, kan difor vere teikn på språkleg framgang.  

Om vi tar feilskrivinga av presensforma av verbet «å sjå», som fleire elevar kan skrive «sjår», så tyder det på at eleven kjenner til forskjellen mellom bokmålsforma av verbet og nynorskforma av verbet, men at eleven ikkje veit korleis verbet vert bøygd. Eleven som skriv spørjeordet «korleis» som «kvissleis», har fått med seg at ord som startar på hv- på bokmål, ofte startar med kv- på nynorsk. Det kan også tyde på at eleven har kjennskap til fonetikken og skrivemåten i spørjeordet «korleis», og at han prøver å overføre denne kunnskapen til eit anna nynorsk spørjeord. Difor kan feilskrivinga på mange vis indikere eit medvit om både nynorske ord og skrivemåtar.  

Språksamtalen – motiver eleven til vidare arbeid

Når elevane skriv tekstar, er det ikkje berre rettskrivinga og språkføringa som er viktig. Mange elevar treng likevel ekstra rettleiing og motivasjon til å utvikle den nynorske skrivekompetansen sin, og det er difor lurt å setje av tid til ein språksamtale med eleven. Målet med språksamtalen er å få eleven til å setje ord på kva han føler han får til, og kva han ønskjer rettleiing og hjelp til av lærar. Ein språksamtale kan gjere at eleven føler større eigarskap til læringsprosessen han er inne i, og det kan også vere med på å fremje eit metaspråkleg medvit hjå eleven. For at språksamtalen skal bli vellukka, er det lurt å forvente at eleven har reflektert over ein del spørsmål på førehand, og at han har skrive ned kva han ønskjer hjelp og rettleiing til vidare. 

Som eit ledd i språksamtalen kan du stille spørsmål ved dei kreative feilskrivingane og høyre kvifor eleven har bokstavert orda på ein spesiell måte. Dette gjev deg ein fin inngang til å snakke om at det er fleire moment i teksten som viser at eleven er i ein språkleg utviklingsprosess. I samtalen er det viktig å vere nysgjerrig og la eleven få god tid til å grunngje dei ulike språklege vala han har tatt. Desse grunngjevingane gjev viktig informasjon til deg som lærar om kvar eleven er i språkutviklingsprosessen, og om han har eit omgrepsapparat til å snakke om språk. I samtalen bør de snakke om korleis eleven kan arbeide vidare for å bli tryggare på den nynorske språkføringa si, og kva han treng av hjelp og støtte frå deg som lærar. Heilt til slutt i samtalen kan eleven formulere nokre mål for kva han særleg bør sjå på framover når det gjeld nynorsk, og korleis han kan utvikle kompetansen sin vidare i norskfaget. Bruk målformuleringane aktivt inn mot den vidare oppfølginga av eleven.  

Kjelde 

Vygotsky, L. S. (1978). Mind in society: The development of higher psychological processes Cambridge, Mass.: Harvard University Press.