Nynorskseminar på Hamar 25. april
10.03.2025

Fredag 25. april kl. 10–15 vert Nynorskseminaret arrangert på Hamar. Dette er eit gratis motivasjonsseminar for studentar, lærarar, skoleleiarar, lærarutdannarar
og andre interesserte.
Ida Lovise Bøe som er høgskolelektor ved Nynorsksenteret og lektor ved Steinkjer videregående skole, er ei av dei som skal halde innlegg. I føredraget Litteratur som inspirerer og engasjerer snakkar ho om nynorsk litteratur som grip og motiverer elevar.
Her kan du lese meir om programmet:
https://www.jenshaugan.com/nynorskseminaret/
Vil du melde deg på?
Send ein e-post til Jens Skarkerud Haugan:
jens.haugan@inn.no