• Blogg
  • Nynorsksenteret søkjer stipendiat

Nynorsksenteret søkjer stipendiat

24.06.2021

Gruppebilete NYS til nettside

Har du eller nokon du kjenner lyst til å bli ein del av det gode arbeidsfellesskapet ved Nynorsksenteret? Vi søkjer stipendiat i nynorskopplæring.

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Foto: Lea K. Albertsen

Sentarleiar Torgeir Parr Dimmen håper Nynorsksenteret får fleire gode søkjarar til stipendiatstillinga.

Stillinga skal vere med på å styrke kunnskapsgrunnlaget innanfor nynorskopplæring og bidra til best mogleg kvalitet på Nynorsksenteret sitt arbeid med å utvikle og formidle læringsressursar til bruk i grunnopplæringa og lærarutdanninga. Vi er opne for mange slags framlegg til ph.d.-prosjekt, seier han.

Søknadsfristen er utvida til 1. september 2021.
Lenke til stillinga som er utlyst.

Pernille Fiskerstrand Beskjært
Tidlegare stipendidat Pernille Fiskerstrand synest det er viktig at det blir forska på nynorskopplæring. (Foto: Privat)

Tidlegare stipendidat

Tidlegare stipendidat Pernille Fiskerstrand synest det er viktig at det blir forska på nynorskopplæring. Pernille Fiskerstrand er førsteamanuensis ved institutt for språk og litteratur ved Høgskulen i Volda. Frå august 2010 til desember 2015 var ho stipendiat ved Nynorsksenteret. Ho disputerte ved Universitetet i Bergen med ei avhandling om tverrfagleg skriveopplæring på vidaregåande.

– Korleis var det å vere stipendiat ved Nynorsksenteret?
Det å vere stipendiat på Nynorsksenteret var veldig fint. Det å ha noko av den beste nynorskkompetansen i landet rundt på nabokontora var ein stor bonus. I tillegg var det veldig nyttig å ha kollegaar som var engasjerte i det eg heldt på med, og som eg kunne diskutere idear og utfordringar med, seier Pernille Fiskerstrand.

Ho legg til at utfordringa med å vere stipendiat i Volda er at ein må vere budd på å reise ein del.

Ein må rekne med å ha hovudrettleiar ved ein annan institusjon, og elles reise for å delta på kurs i opplæringsdelen. Men på den andre sida er det ikkje så dumt å måtte kople seg på eit større fagmiljø ved eit eksternt universitet, meiner ho.

Viktig fagfelt

Pernille Fiskerstrand synest det er viktig at det blir forska på nynorskopplæring.

– Eg brenn for nynorskdidaktikken fordi det er einaste vegen inn i framtida for nynorsk. Samfunnet som elevane i dag veks opp i, endrar seg så raskt og premissane for å kunne skrive slik ein mottakar forstår og forventar, er dermed også i stadig endring. Dei gamle metodane må dermed bytast ut med forskingsbasert kunnskap, og desse metodane treng vi tid og rom til å forske fram, forklarer ho.

Fiskerstrand hadde 25 % pliktarbeid for Nynorsksenteret i perioden då ho var stipendidat.

– På Nynorsksenteret fungerte dette veldig fint fordi arbeidsmengda er så oversikteleg og lett å planlegge. Dessutan var det av og til godt å kople om, og gjere noko anna. I tillegg kunne eg bruke teorien eg las og skreiv om, i foredrag for lærarar og liknande, fortel Fiskerstrand.