• Blogg
  • Tilbyr digitale kurs for lærarar

Tilbyr digitale kurs for lærarar

12.10.2020

Liv Astrid og Marit komprimert og beskjært fil

Liv Astrid Skåre Langnes og Marit Wadsten arbeider ved Nynorsksenteret.

Nynorsksenteret tilbyr gratis, skreddarsydde kurs for lærarar i ungdomsskulen.

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret) tilbyr no digitale skulebesøk. Tilbodet er gratis, og målet er å inspirere og hjelpe lærarar ved ungdomsskular over heile landet i arbeidet med nynorsk som sidemål og hovudmål. Vi legg opp til eit digitalt foredrag ut frå dykkar bestilling og ein fagleg nettsamtale saman med lærarane ved skulen. Det faglege innlegget vil ha eit omfang på om lag 15 minutt, og det samla besøket vil vare om lag 30–45 minutt. Vi kan til dømes besøke skulane i samarbeidstid, i teamtid eller som ein del av ein fagdag der nynorsk er tema.

Eit kurs kan til dømes handle om eitt av følgjande tema:

  • Motivasjon
  • Språkleg identitet
  • Organisering
  • Kompetansekrav
  • Nynorske nettressursar
  • Lesing
  • Fagskriving
  • Kreativ skriving
  • Undervisningstips
  • Litteraturtips – fagtekstar og skjønnlitteratur

Ta kontakt med liv.astrid@nynorsksenteret.no eller marit@nynorsksenteret.no for å bestille eit kurs eller for å få meir informasjon.