• Blogg
  • Nynorsktipset – teksten som slo an i klasserommet!

Nynorsktipset – teksten som slo an i klasserommet!

02.01.2026

Maria Landøy Slinde nytt foto fargejustert og komprimert til nettside

Maria Landøy Slinde, som underviser i norsk ved Kaupanger skule, tipsar om ein tekst som har slått godt an hos elevane hennar på 7. trinn.

Ein tekst eg har erfart at det fungerer godt å jobbe med i 7. klasse, er Kjartan Lauritzen sin song «Bygdegut». Kjartan snakkar det same språket som ungdommane, og han er ein kjend karakter for dei. På den tida me jobba med songteksten, var han høgaktuell i serien «Hver gang vi møtes» som gjekk på TV2, noko som gjorde at han fekk auka merksemd i media. Det var ein heil del av elevane som følgde med på serien, mest på grunn av Kjartan. Eg visste at Kjartan Lauritzen var ein populær karakter blant elevane mine, men han har òg ein del tekstar med eit språk som ikkje ville vere passande å jobbe med i skulen. «Bygdegut» har eit relativt snilt språk, trass bruken av nokre få banneord. Tematikken er identitet, å drøyme om å bli noko stort, samtidig som ein blir dregen heim til røtene sine. Her får me vere med på ei reise ut i verda, og heim att.  

Me starta økta med å lytte til songen, samstundes som elevane fekk ha teksten framfor seg. Etter at elevane hadde lytta til teksten, snakka me om kva teksten handla om. Elevane fekk først samtale med læringspartnaren sin, før me snakka saman i heil klasse.  

Kjartan Lauritzen Tons Of Rock 2025 4
Foto: Birgit Fostervold – Own work, CC BY-SA 4.0

Dette arbeidet var ein del av eit større arbeid der me såg nærare på verb, så etter at me hadde snakka saman om kva teksten handla om, streka elevane under alle verba i teksten. Dei skreiv alle verba i ei liste, og fann ut korleis ein skreiv dei på nynorsk, samtidig som dei fann verbtidene. Me samtala kring kvifor denne teksten var skriven i notid, og forska litt på om tolkinga vår av teksten hadde endra seg dersom ein endra verbtid.  

Denne gongen fann eg ein tekst som eg visste mange av elevane var opptekne av, og jobba vidare med han. Ofte prøver eg å finne tekstar med tema som elevane bryr seg om, med hovudpersonar som dei kan kjenne seg att i. Det er desse tekstane som har sett spor hos elevane, og som har skapt størst engasjement i undervisninga.  

  • Songteksten som Maria skriv om, finn du her
  • Nynorsk leksikonartikkel om Kjartan Lauritzen (pluss foto) finn du her.
  • Intervju med Kjartan Lauritzen finn du her.