• Blogg
  • Tid for leseglede

Tid for leseglede

08.01.2019

Tid For Ti Leseillustrasjon Utsnitt

Tid for leseglede

Leseaksjonen Tid for ti for elevar på 7. trinn er i gang.

Tekst og foto: Ingvild Myklebust Hovden

Tid for ti er ein gratis og nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn. Dei som deltek, får utdelt ein antologi med tekstutdrag frå ti gode bøker på nynorsk. Aksjonen vert arrangert for fjerde gong, og for 2019 er opplaget på 26 000 antologiar. Det er 6000 fleire eksemplar enn i fjor.

– Det har vist seg å vere eit populært tilbod. Fleire av skulane som har meldt seg på før, melder seg på igjen, og i tillegg kjem nye skular til. Lærarane kan sjølve bestemme når dei vil byrje å arbeide med antologien i klasseromma, slik sett er det ganske fleksibelt, seier Ole Ivar Burås Storø i Foreningen !les.

Lydfiler
Ein del byrjar i midten av januar slik at elevane på 7. trinn skal få god tid til å arbeide med oppgåvene som er tilgjengelege. På nettstaden www.tidforti.no finn ein tekstane, lydfiler, bonusstoff, aktivitetar og konkurransar. I år er det dramastudentar ved Høgskulen i Volda som har lese inn fleire av tekstane.

– Lydfilene gjer at elevar som ikkje er så sterke i lesing, kan få med seg innhaldet og delta i klasserommet når dei skal jobbe med antologien, forklarer Ole.

Breidde
Tid for ti er eit samarbeid mellom Foreningen !les, Nynorsksenteret og andre nynorskaktørar. Vi ønskte å skape ein leseaksjon som var på nynorsk og som samstundes viste ei breidde i litteraturtilbodet.

– Vi i Foreningen !les har mykje erfaring med å setje saman litteratur som består av ulike sjangrar og med ulik vanskegrad. Viss du har ei breidde, vil alle finne ein tekst som dei likar, samstundes som lesarane kan oppdage nye tekstar og sjangrar, fortel Ole.

 Nasjonal leseaksjon
Skular over heile landet deltek i leseaksjonen.

– Antologien vert brukt både av dei som har nynorsk som hovudmål og som sidemål, seier Ole.

Spesielt for dei som har nynorsk som sidemål, kan antologien vere med på å endre haldningar.

– Målet er at lesinga skal gje positive opplevingar. Det siste halvåret på 7. trinn er viktig for elevane. Vi har fått tilbakemeldingar frå nokre lærarar om at no gruar ikkje elevane seg til nynorsk på ungdomsskulen lenger. Då føler vi at vi har oppnådd noko viktig, seier han.

 Ta kontakt
Skular som ikkje har fått bestilt materiell, kan gjerne ta kontakt på følgjande e-post: ole@foreningenles.no. Dei har eit lite restopplag igjen.