Nytt opplegg til biletboka Ørn
31.08.2023

No er det publisert eit nytt opplegg i Bok på 1-2-3 som tek utgangspunkt i biletboka Ørn av Martine Grande.
Lurer du på kva Bok på 1-2-3 er? Det er undervisningsopplegg til gode, nynorske bøker. Opplegga er prega av leik, undring og læreglede, og er utforma slik at dei er enkle å ta i bruk i klasserommet.
For at det skal vere ekstra lett å ta opplegga i bruk, ligg mange av bøkene ein periode ute til gratis strøyming.
Slik er det no med biletboka Ørn av Martine Grande!
Ta ei Bok på 1-2-3, då vel!
