• Blogg
  • Oversikt over digitale ressursar

Oversikt over digitale ressursar

16.03.2020

Hafstad Vg1 090919 15

Skal du drive heimeundervisning eller lage opplegg som elevar kan gjennomføre heime? På nettsida til Nynorsksenteret finn du tips og gratis undervisningsopplegg for barn og ungdom. Her har vi samla nokre snarvegar til digitale ressursar.

Treng du råd til korleis du kan velje nynorsk i den digitale verda?
Les meir om bruksråd og finn innstillingshjelp her.
Viss du har spørsmål, kan du kontakte arild@nynorsksenteret.no

Nynorsk Ovingsrom
Nynorsk øvingsrom

Nynorsk øvingsrom er eit interaktivt nynorskkurs frå Språkrådet. Ta kartleggingstesten, plukk øvingsoppgåver fritt eller skreddarsy di eiga øvingsrekkje.

Biletboker
Nynorske biletbøker på nett

Her finn du eit stort utval av nynorske biletbøker du kan lese gratis på nett.

Cordelia Ikon
Teikneseriar

Ressurssidene om teikneseriar inneheld nynorske teikneseriar, lærarressursar, undervisningsopplegg og serieskapartips.

Tidfortilogo
Tid for ti

Tid for ti er ein gratis, nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn. Utdrag frå ti nynorske bøker ligg ute både som lydfiler og tekst, og det finst oppgåver til alle utdraga.

Berte Og Iver Ikon
Aktivitetssidene Berte og Iver

Berte og Iver inneheld språkstimulerande spel og moro. Utforsk huset deira, som er fullt av aktivitetar, språk og bokstavar.

Opne via nettlesaren. Slik legg du sida til som ein app på iPad.

Bok Paa 123 Kvadratisk
Bok på 1-2-3

Bok på 1-2-3 er undervisingsopplegg til gode, nynorske bøker. Opplegga er prega av leik, undring og læreglede, og er utforma slik at dei er enkle å ta i bruk i klasserommet. For at det skal vere ekstra lett å ta opplegga i bruk, ligg mange av bøkene ute til gratis strøyming.