• Blogg
  • Utlysingspakke for randsoneprosjektet Nynorskløftet

Utlysingspakke for randsoneprosjektet Nynorskløftet

23.04.2024

Gruppebilete NYS august 23 komprimert til nettside

Kva skal til for å betre vilkåra for nynorskelevane i dei språklege randsonene? Vi ønskjer å kome i kontakt med lærarar som underviser i norsk på 8. trinnet komande skuleår, og som jobbar på skular der det både er elevar med nynorsk som hovudmål og elevar med bokmål som hovudmål.  

Prosjektperioden er skuleåret 2024/2025.  

Å delta i prosjektet betyr at du får tildelt ein ressurspakke som inneheld: 

  • Fysiske norsklærebøker på nynorsk. 
  • Klassesett med ein nynorsk roman og tilhøyrande undervisingsopplegg. 
  • Inspirasjonskurs og fagleg oppfølging av tilsette ved Nynorsksenteret i prosjektperioden. 

Lærarane som deltek i prosjektet, vert honorerte etter avtale.  

Kva er målet med prosjektet?

Å gjennomføre og forske på opplæringstiltak som kan vere med på å betre vilkåra for nynorskelevane i skulen, og som kan medverke til at elevane held på nynorsk som hovudmål i overgangen til vidaregåande skule. Målsettinga for det komande skuleåret er å planlegge og gjennomføre ei heilskapleg nynorskopplæring i planar og undervisingpraksis. Dette skal skje i samarbeid mellom tilsette ved Nynorsksenteret og lærarane som deltek i arbeidet. 

Kva inneber det å takke ja til å vere med i prosjektet? Randsoneprosjektet er eit aksjonsforskingsprosjekt. Det inneber at du og elevane dine får tilbod om å delta i forskingsaktivitetar. All informasjon blir handsama etter forskingsetiske retningsliner. Å delta i prosjektet gir deg moglegheit til å drive viktig utviklingsarbeid ved eigen skule, samstundes som du utviklar din eigen kompetanse som språklærar. Kursing og fagleg oppfølging vert hovudsakleg gjennomført digitalt, og i samråd med deltakarane i prosjektet. Det medfører ikkje reising for prosjektdeltakarane. 

Her kan du melde interessa di for å vere med på prosjektet. Fristen er onsdag 15. mai. Nynorsksenteret vel ut deltakarar til prosjektet når fristen er ute.  

Dersom du har spørsmål om prosjektet, kan du ta kontakt med leiar Synnøve Marie Sætre på e-post: synnove@nynorsksenteret.no.

Nynorskløftet er eit delprosjekt i Nynorsk som nasjonalt skriftspråk, som er eit samarbeidsprosjekt mellom Nynorsksenteret, LNK og Nynorsk kultursentrum, der nynorsk i randsonene står sentralt.