• Blogg
  • For ungdomsskule: Bryllaupstid! 

For ungdomsskule: Bryllaupstid! 

18.04.2024

Bryllaupspresentasjon

Er du på jakt etter eit engasjerande  undervisingsopplegg? I denne tverrfaglege storyline-oppgåva i norsk, KRLE og samfunnsfag får elevane gode moglegheiter til å lese og skrive nynorsk på ein læringsaktiv måte. Ramma for oppgåvene er å planlegge og gjennomføre eit bryllaup, og elevane får tildelt ulike oppdrag undervegs i arbeidet. Hugs at du ikkje treng å gjennomføre heile forteljingsløypa – du kan velje ut enkeltoppgåver i ressursen om du ønskjer det.   

Bryllaupspresentasjon ikon
Bryllaupstid!

I denne forteljingsløypa er bryllaupsplanlegginga ei ramme for ulike lese- og skriveoppgåver. Elevane får lese ulike typar saktekstar, tyde statistikk og tabellar og ta stilling til forskjellige påstandar undervegs.