Bryllaupstid! 

Er du på jakt etter eit engasjerande  undervisingsopplegg? I denne tverrfaglege storyline-oppgåva i norsk, KRLE og samfunnsfag får elevane gode moglegheiter til å lese og skrive nynorsk på ein læringsaktiv måte. Ramma for oppgåvene er å planlegge og gjennomføre eit bryllaup, og elevane får tildelt ulike oppdrag undervegs i arbeidet. Hugs at du ikkje treng å gjennomføre heile forteljingsløypa – du kan velje ut enkeltoppgåver i ressursen om du ønskjer det.   

Bryllaupet som ramme for lese- og skriveoppgåver 

I denne forteljingsløypa må elevane lese ulike typar saktekstar, tyde statistikk og tabellar og ta stilling til forskjellige påstandar undervegs. Å bruke bryllaupsplanlegginga som ei ramme for dei ulike lese- og skriveoppgåvene kan gjere det lettare for elevane å sjå verdien av det å kunne lese komplekse tekstar, orientere seg på nettstadar for offentlege tenester og å bruke skriving som ein reiskap til å kommunisere. Ved å ta utgangspunkt i fiktive oppdrag, blir det naturleg å reflektere over kvifor det å kunne uttrykke seg presist og godt, både munnleg og skriftleg, er nødvendig.  

Elevoppdraga finn du som Wordfil og som ein PP-presentasjon, slik at oppgåvene blir enkle å ta i bruk i klasserommet. Filene kan du laste ned og tilpasse etter eige ønske.   

Å presentere for kvarandre – vurderingsmoglegheiter 

Undervegs i bryllaupsplanlegginga er det lurt å la dei ulike gruppene presentere arbeidet sitt for kvarandre munnleg.  Slik kan elevane inspirere kvarandre og gi retning til den vidare innsatsen med forteljingsløypa. Dei munnlege presentasjonane gir også deg som lærar ei moglegheit til å rettleie elevane til å utvikle den munnlege kompetansen sin. Bruk skriveoppgåvene i forteljingsløypa som eit utgangspunkt til å rettleie og vurdere den skriftlege kompetansen til eleven. 

Førearbeid til læraren 

Før gruppearbeidet startar, må elevane delast inn i mindre grupper. Når elevane får utdelt det første oppdraget, bør dei oppmodast til å lage par som speglar att det samansette og mangfaldige samfunnet vi lever i.   

Elevane samlar alt arbeidet sitt i ein felles presentasjon, slik at det er enkelt for deg som lærar å få oversikt over kva dei jobbar med. I somme av oppgåvene må elevane skrive lengre tekstar, og då er det naturleg at dei brukar skriveprogram som Word. 

Tips: Som ei fellesavslutting på bryllaupsprosjektet kan de arrangere eit bryllaup i klassa. Ei gruppe kan få ansvar for innhaldet i vigsla, ei anna for middagen, osb. Legg opp til at flest mogleg av elevane held talane sine munnleg i klassa. Pynt klasserommet med serviettar og ballongar, og la ei av gruppene ta ansvar for serveringa av brus og snacks.