Torsdag 22. mai kl. 14.30–15.00 inviterer Nynorsksenteret til eit gratis nettseminar med konkrete tips til korleis du kan kombinere språkopplæring med aktivitetar i det store uteklasserommet.
Vi ønskjer store og små gode maidagar med ei splitter ny forteljing! Fossekallen kan visast på skjerm eller skrivast ut, og passar godt å lese høgt i samlingsstunda i barnehagen og på 1.–4. trinn rundt nasjonaldagen. Hilde Myklebust har skrive forteljinga, og Inger Lise Belsvik har laga illustrasjonane. God 17. mai!
Finst det noko betre enn våren? Både barn og vaksne er glade i denne årstida, så kvifor ikkje setje av litt tid til å jobbe med henne? Målet er å leggje til rette for elevaktive læringsformer og drive motiverande nynorskopplæring.
Ein latekskledd superhelt med slagkraft, og faktabøker gode nok til å bidra i FN sitt arbeid med berekraft. Øystein Runde har hovud og hender til å dekke eit uvanleg breitt spekter. Kan ein og same mann formidle fakta så godt at han imponerer ein nobelprismottakar – og også lage splatterhumor med gamle damer som døyr og gjenoppstår som ein hest med tre hovud? Møt Øystein Runde.
Denne læringsressursen er tenkt som ein språkstimulerande leikesituasjon med skriftspråkleg undring og oppdaging. Elevane skal samarbeide, leike, sortere, telje, lese og skrive.
Forskingsprosjektet Les for meg handlar om å vurdere lesinga til barn medan dei les tekstar som engasjerer. Materiellet er utvikla parallelt på nynorsk og bokmål.