Teiknar vitskap og splatterhumor
08.04.2025

Ein latekskledd superhelt med slagkraft, og faktabøker gode nok til å bidra i FN sitt arbeid med berekraft. Øystein Runde har hovud og hender til å dekke eit uvanleg breitt spekter.
Tekst: Heidi Fagna
Kan ein og same mann formidle fakta så godt at han imponerer ein nobelprismottakar – og også lage splatterhumor med gamle damer som døyr og gjenoppstår som ein hest med tre hovud? Møt Øystein Runde.
Fiksjon
Det er lenge sidan han har laga teikneseriestriper, men han gjorde det tidleg i karrieren: Rundetid var striper som var faste i magasinet Spirit på starten av 2000-talet. Her møter me fyrstikkmenneske i situasjonar som er både morosame og pinlege. Dei smiskar med kyr, ser paralympics-ishockey og er seksuelt frustrerte.
I 2012 kom samleboka om superhelten Bjartmann. Bjartmann har meir entusiasme enn vit, og universet hans bognar av rare innfall, intertekstuell leik og sprudlande humor. Bjartmann bur i Ulsteinvik på Sunnmøre med faren, ein enorm versjon av Smørbukk. Han går på skulen og prøver å passe inn.

Teikneserieboka Margarin kom ut i 2006, etter å ha starta som føljetong i bladet Smult. Øystein Runde har teikna det heile, og han har skrive boka saman med Kristopher Schau. I teikneseriar skjer det gjerne uvanlege ting med vanlege folk, men her er det motsett: det skjer vanlege ting med uvanlege folk. Skal dei t.d. lufte hunden, må dei hugse å dra ut tisseproppen først.
I 2015 kom teikneserieromanen Futen. Her står Øystein Runde som forfattar, medan teikningane er laga av Knut André Solberg. Her møter me fut nr. 16 på Christiania futekontor. Han slåst heltemodig med troll som snyter på skatten, går i bunad og er gift med huldra. Her er mykje leik med eventyra, og tydeleg inspirasjon både av norrøn mytologi, transformers og japansk manga. Futen har snakkebobler på nynorsk, medan resten av boka er på bokmål.
Som ein liten, men ikkje ubetydeleg, parantes innemellom alle teikneseriane, er det viktig å nemne at Øystein Runde har ei rørande og tankevekkande barnebok på CV-en: Elefanten Tommy (2012). Historia startar med at elefanten Tommy har vondt i magen, knoklane og snabelen. Han er så lei av å ha vondt at han forlet flokken og set seg under eit tre og lurer på om han skal døy. Tommy gjev oss først mismot, og sidan håp.
Fiksjon med innslag av faktiske stader og folk
Soga om Olav Sleggja (2009) er ein teikneserieroman frå vikingtida. Olav Sleggja vart i si tid redda av Olav Tryggvason, og han står difor i gjeld til kongen. Gjennom teikneserien følgjer me Sleggja i kampen for å lausriva seg frå Olav Tryggvason og den norrøne æreskodeksen, slik at han på ny kan verte ein fri mann.

Her er innslag av historiske kjelder, nittenhundretalspoesi og japanske teikneseriar. På skuldrane ber t.d. Olav Sleggja ein baby, ein referanse til den japanske samuraiklassikaren Lone Wolf and Cub. Replikkane i den endelege, blodige kampen mellom Sleggja og Tryggvason er henta frå eit Olav H. Hauge-dikt.
Ni år seinare kom oppfølgjaren Berserk (2018). Denne gongen startar soga når Olav Sleggja går i land, hardt skadd, med babyen på skuldrane og tarmane halvvegs hengande ut frå eit ope sår i magen. «Denne dagen vert lang. Eller kort», slår han fast, og vandrar rett inn i ein konflikt mellom tre ulike gjengar av berserkar.
Begge Sleggja-bøkene byr på ein rik kombinasjon av ekstremvald, skandinavisk soge, norrøn mytologi og referansar til alt frå manga til barnebøker. Lesaren kan filosofere over religion, vitskap, menneskeverd og andre store spørsmål.
Øystein Runde gjev ut bøker både på nynorsk og bokmål. I nokre bøker har enkelte karakterar snakkebobler på nynorsk og andre på bokmål. Bøkene hans har også innslag av dialektar, engelsk, tysk og andre språk. Reiseskildringane han har laga med Ida Eva Neverdahl, er eit godt døme på dette. Dei laga Moskva saman i 2013 og Hvordan kan Los Angeles knuse hjertet mitt? i 2017.
Øystein Runde har også skrive og teikna tre teikneserieromanar om De Fire Store (2007, 2010, 2016) saman med Geir Moen. Her møter me Ibsen, Bjørnson, Kielland og Lie i ny drakt: Dei er actionheltar som må redde landet frå troll og zombiar.
– Eg gjorde veldig mykje lekser for å skrive teikneserieromanane, og såg at eg ofte fekk mest ros for etterorda. Det var vel kanskje dei som var lettast å forstå for dei fleste. Så då fann eg ut at eg like gjerne kunne gi ut leksene, i staden for å lage historier på toppen, seier Øystein Runde i podkasten Bakom boka.
Det tek oss over i siste – og nyaste – kategori av forfattarskapen:

Fakta
I 2017 gav Runde ut Stamceller. Kroppens superheltar (2017) saman med tannkirurg og stamcelleforskar Cecilie Gjerde. Dei forklarer oss om stamceller i denne artige faktaboka i teikneserieformat. Dette er komplisert vitskap, formidla forståeleg for barn. Boka har hausta mange godord, endåtil frå Nobelpris-mottakar Shinya Yamanaka. Boka er innlemma i FNs bærekraftsbibliotek, som er boklister tilknytt dei 17 berekraftsmåla.
Antarktis og oss er ein gratis teikneserie som vart lagt ut på nett i 2023. Her har Runde jobba saman med polarforskar Svein Østerhus. Dette er eit oppdragsprosjekt som skal vise oss alvoret med issmeltinga i Antarktis – og kva det kan føre til. Runde har pakka forteljinga inn i Arnulf Øverland sitt dikt Du skal ikke sove. Han klarer likevel å halde ein laus og artig stil, utan at det alvorlege forsvinn.
Runde har også laga to teikneseriebøker med forskingsformidling på bokmål:
Antibiotika. Helt og antihelt, saman med professor Dag Berild (2022). Boka forklarer korleis antibiotika fungerer, og kvifor antibiotikaresistens er heilt krise.
ADHD. Hva er det, og hva gjør du med det? (2024). Rundt 5 % av alle barn har ADHD. Her lærer me meir om kva det er, og korleis ein lever best mogleg med det, og til slutt litt om å vere ein god forelder for eit barn med ADHD.
Runde krydrar alltid faktaformidlinga med humor og spanande informasjon, som gjer fagstoffet underhaldande og lett tilgjengeleg for målgruppa.
Sjølv vaks Øystein Runde opp med to lektorforeldre og mange fulle bokhyller.
– Eg trur det gjer barn audmjuke å vekse opp med mange bøker rundt seg. Det er ei konstant påminning om alt ein ikkje veit, for ein har sett det fysisk. Eg har nok alltid hatt hug til å lære meir, seier Runde.
Øystein Runde har også gjort oppdrag for Nynorsksenteret:

Kva du kan gjere med ein teikneserie som du ikkje må fortelje mor di
«Kva du kan gjere med ein teikneserie som du ikkje må fortelje mor di» av Øystein Runde er ein teikneserie om å teikne teikneseriar. Her lærer han deg mellom anna om bruk av nærbilete, oversiktsbilete, froskeperspektiv og fugleperspektiv

Øystein Runde: Tommelfingerreglar
«Tommelfingerreglar» er ein teikneserie der Øystein, Tiberius Tommelfinger og ein søt kanin lærer deg om teikning av seriar, bruk av skrift, korleis streken kan uttrykkje kjensler ... og mykje anna.