På eventyr i bøkene
26.01.2026
Patrick Peschina (13 år ) og Vala Hassani (11 år) er to av stemmeskodespelarane som er med i Avdeling T.
Avdeling T er eit gratis høyrespel for og med barn.
Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Foto: Nynorsk kultursentrum
Det er Nynorsk kultursentrum som står bak høyrespelet, der målgruppa er barn i barneskulealder, og alle barn som liker å høyre og lese bøker.
– Eit viktig mål med høyrespelet er å skape interesse for dei nynorske barnebøkene. Vi ønsker at lyttarane skal få lyst til å lese eller høyre bøkene, seier Mari Tveiti som er digitalformidlar i Nynorsk kultursentrum.
Om Avdeling T
Avdeling T er ei hemmeleg avdeling som berre statsministeren og få andre veit om. Dei jobbar for at bokverder ikkje skal kome ut av kontroll.
– Avdeling T har spesialutstyr til å følgje med på alle bøker som blir skrivne. Alt som forfattarar har skrive, kan bli verkeleg, fortel formidlar Anja Haugland Svingen i Nynorsk kultursentrum.
Av og til vil historiene frå bøkene ut på eigne eventyr, og då oppstår det ulike tåkefenomen. Då må Meister T, agentane hennar og forfattarane av bøkene rykke ut for å ordne opp.
Gode tilbakemeldingar
Meister T vert spelt av Anja Haugland Svingen, som hadde ideen til det manusbaserte høyrespelet. Å lære om nye bøker gjennom leik har vore ein viktig del av prosjektet. Det er ulike barn som speler agentar. I tillegg er forfattarar som skriv nynorske barnebøker, med.
– Alle barna og forfattarane som har vore med så langt, synest det har vore veldig kjekt å vere med. Barna synest det er gjævt å vere med på noko som er annleis. Høyrespelet kan også brukast i skulesamanheng, og det er mange som har teke det med inn i klassen, seier Svingen.
– Forfattarane synest det er stas at Avdeling T tek med lesarane inn i bøkene på ein ny måte, legg Tveiti til.
No håper dei at mange vil lytte til Avdeling T. Så langt er det spelt inn åtte episodar av avdeling T. Kvar episode varer i 12–13 minutt. I mars skal dei spele inn fire nye episodar.
No søker dei etter stemmeskodespelarar i alderen 10–13 år , og søknadsfristen er fredag 30. januar.
Nynorsk kultursentrum lagar undervisningsopplegg til Avdeling T som skal publiserast til våren. På den måten vert det enkelt for lærarane å ta i bruk høyrespelet i undervisninga.
Avdeling T er tilgjengeleg på Spotify, Apple Podkast og alle vanlege plattformer. Du kan også lytte til podkasten via nettsida til Nynorsk kultursentrum.