• Blogg
  • Reportasjar om Barneboktipset

Reportasjar om Barneboktipset

01.01.2026

Klassebilete 5b redigert av Arild og Ingvild komprimert til nettside

Elevar ved medielinja ved Volda vgs. har laga tre reportasjar om Barneboktipset. 

Barneboktipset er ein podkast der barn tipsar barn om nynorske bøker. Vi på Nynorsksenteret har samarbeidd med klasse 6 b ved Øyra skule i Volda. Vi har laga ein sesong med bøker som passar for 1. til 4. trinn, og ein sesong for 5. til 7. trinn. Målet er både å inspirere til lesing og til å lage podkast om bøker. 

Barneboktipset Oskar og eg ikon
La elevane lage podkast med boktips

I dette opplegget får elevane lage podkast der dei tipsar andre barn om bøker. Det er laga for 1.–4. trinn, men kan tilpassast alle trinn.  

Barneboktipset på 5 trinn gruppe1 redigert av Arild komprimert til nettside 2
Mellomtrinnet: La elevane lage podkast med boktips

I dette opplegget får elevane lage podkast der dei tipsar andre barn om bøker. Det er laga for 5.–7. trinn, men kan tilpassast alle trinn.

Reportasjane er laga på oppdrag av TV2 Skole / Elevkanalen. Dei har også publisert begge sesongane av Barneboktipset som 6 b og Nynorsksenteret har laga.