Ny bok om nynorskdidaktikk – nettmøte med forfattarane 6.12.
21.11.2022
I slutten av oktober kom Hjalmar Eiksund, Gudrun Kløve Juuhl og Kristin Kibsgaard Sjøhelle ut med boka Nynorskdidaktikk. Målgruppa for boka er lærarstudentar og lærarar som underviser i eller på nynorsk.
Tekst: Ida Marie Jegteberg
Foto: Ingvild Myklebust Hovden
Nynorsksenteret inviterte til digitalt møte for Nettverk for nynorsk i lærarutdanningane og andre interesserte tysdag 6. desember kl. 14.00–15.30. Den nye læreboka Nynorskdidaktikk vart presentert av dei tre forfattarane.
Hjalmar er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Høgskulen i Volda og er i forskinga si oppteken av skriving på barne- og ungdomstrinn, sosiolingvistikk og dialektkunnskap. Gudrun er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Volda og er oppteken av barn og ungdoms eigne tekstar, skriving og literacy-praksisar. Kristin er også førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Høgskulen i Volda og er i forskinga si oppteken av nynorsk som sidemål og skrivedidaktikk. Me har vore i kontakt med forfattarane for å høyre kva dei har å seie om den siste utgjevinga si.
God nynorskopplæring uavhengig av opplæringsmålet til elevane
For både Kristin og Hjalmar er det viktig å trekkje fram at både bokmål og nynorsk kan vere sidemål, og at denne boka handlar om god nynorskopplæring – uavhengig av opplæringsmålet til elevane. Kristin seier mellom anna at:
– Ein viktig premiss med boka er at ho tematiserer korleis vi kan arbeide med nynorsk både for elevar med nynorsk som sidemål og elevar med nynorsk som hovudmål. Didaktisk arbeid med nynorsk vil på nokre måtar fortone seg ulikt for bokmålselevar enn for nynorskelevar, men det er også mange inngangar som vil kunne vere felles.
Hjalmar seier at god nynorskdidaktikk eigentleg er det same som god norskdidaktikk, sidan all norskdidaktikk må inkludere opplæring og eksponering av begge målformene.
Viktig faglitteratur for lærarutdanninga
Gudrun er oppteken av at den norskdidaktiske faglitteraturen som lærarstudentar møter i lærarutdanninga, til no i svært liten grad har handla om kva slags norskopplæring nynorskelevane har bruk for.
– Nynorsk har til no i den norskdidaktiske litteraturen i stor grad vore det same som sidemål – altså at det som har vore tematisert, har vore sidemålsopplæringa til bokmålselevane. Det siste er også viktig, men ikkje det einaste.
I kjølvatnet av ny læreplan
På spørsmål om kvifor det er behov for denne boka akkurat no, peiker både Gudrun og Kristin på den nye læreplanen. Kristin seier at:
– Med ny læreplan er det blitt enno tydelegare at elevar skal ha eit bevisst forhold til at vi har to målformer i Noreg, og at dette skal introduserast og arbeidast med heilt frå starten av barnetrinnet. I arbeidet med norsk i lærarutdanninga har vi sett behov for ei oppdatert lærebok om didaktiske inngangar til nynorsk som hovudmål og sidemål i lys av LK20, og vi håper denne boka kan vere med på å aktualisere forsking om nynorskdidaktikk dei seinare åra.
Hjalmar kontrar spørsmålet om kvifor det er behov for denne boka no, med «kvifor har ikkje ei slik bok kome tidlegare?». Også han, i likskap med Gudrun, peiker på at det har kome fleire bøker som tar for seg nynorsk som sidemål, men ikkje nokon, så vidt han veit, som ser forbi sidemålet og inkluderer utfordringane som elevar med nynorsk som hovudmål har. Han seier at:
– Det er vanskeleg å svare kort på kvifor denne skeivskapen, men noko av grunnen kan vere ei gammal (og forståeleg) uvilje mot å behandle nynorsk som annanrangs andsynes bokmålet. Denne boka prøver å presentere kva særlege utfordringar som ligg i nynorskopplæringa – uavhengig av om elevane har nynorsk som opplæringsmål eller ikkje.
Ein reiskap for alle som er interesserte i nynorskopplæring
Alle tre forfattarane peiker på at boka er meint for lærarstudentar og lærarar som underviser i eller på nynorsk, samt alle som er interesserte i og opptekne av nynorskdidaktikk.
Kristin summerer opp:
– Vi håper boka skal kunne setje i gang idear hos lesaren til korleis ein kan drive god og inspirerande nynorskdidaktikk for elevar i heile utdanningsløpet.