• Blogg
  • Rykter-opplegg vekte dei skuleleie

Rykter-opplegg vekte dei skuleleie

08.03.2024

Rykter

– Elevane vart tryggare på nynorsk, seier lærar Unni Kjelleberg Solli om eit undervisingsopplegg basert på NRK-serien Rykter. Ho er ei av mange som har sett pris på dette opplegget frå Nynorsksenteret.

Tekst: Heidi Fagna

Unni Kjelleberg Solli

Ungdomsserien Rykter er tydeleg plassert på bygda utanfor Bergen, og fleire av skodespelarane har eit nynorsknært talemål. Her er skriveoppgåver knytte til kvar episode i dei to sesongane.

Unni Kjelleberg Solli er lærar og rådgjevar på Eidsvåg barne- og ungdomsskole i Molde kommune i Møre og Romsdal. Både ho og elevane sette pris på dette opplegget.

– Korleis brukte du dette opplegget?

– Vi brukte opplegget i samband med sidemålsundervisning for 10. trinn på ungdomssteget. Elevane trong grunnleggjande trening i å skrive på nynorsk, og då var det midt i blinken å ta utgangspunkt i ein TV-serie med nynorsknært språk. Dei første to episodane såg vi i plenum. Deretter såg elevane episodane etter kvart som dei vart ferdige med oppgåvene. Elevane vart faktisk så ivrige at vi utvida arbeidet og avslutta med at dei skreiv ei kortsvarsoppgåve basert på oppgåvene knytte til serien. Denne teksten fekk dei vurdering på.

– Kva var det du likte ved opplegget?

 Det eg likte best med opplegget, var at det var så varierte oppgåver. Elevane fekk øve på alt frå grammatikk til å reflektere over innhald. I tillegg var tematikken i serien noko som inviterte til gode samtalar rundt alt frå ungdomskultur og kommunikasjon til dialekter og målform.

– Kva syntest elevane om det?

Elevane likte opplegget veldig godt. Spesielt slo det godt an blant skuleleie elevar som vanlegvis ikkje er så glade i å skrive. Dei jobba som berre det med oppgåvene, for belønninga var jo å få sjå neste episode når dei var ferdige med oppgåvene til den førre episoden!

– Kva utbytte fekk klassen av opplegget?

Klassen fekk etter mi meining stort utbytte av opplegget. Dei vart tryggare på nynorsk som skriftspråk, og dei fekk samtidig tatt mange viktige diskusjonar rundt temaet i serien.

Rykter ikon
Rykte – identitet og livsutforsking

Denne ressursen med utgangspunkt i NRK-ungdomsserien Rykter set søkjelyset på fleire relevante problemstillingar kring det å vere tenåring. Gjennom å bruke læringsopplegget får elevane arbeide med spørsmål knytte til ryktespreiing, identitet, gruppepress, sosiale medium og venskap, samstundes som dei må lese og skrive nynorsk over ein lengre periode.