• Blogg
  • Ser alltid etter dei som ikkje liker bøkene hans

Ser alltid etter dei som ikkje liker bøkene hans

29.09.2023

Arnfinn Kolerud

Arnfinn Kolerud har gitt ut fleire bøker for barn, ungdom og vaksne. No stiller han inn siktet på målgruppa 9–12 år.

Arnfinn Kolerud har vore forfattar sidan midt på 90-talet, og han har fått fleire høgthengande prisar. Han har gitt ut totalt ni bøker.

Kolerud har skrive to bøker for ungdom, men han trur ikkje han kjem til å gjere det igjen. Han ser ikkje for seg at han klarer å skrive på ein måte som ungdommen liker.

– Når eg besøker klasserom, har eg ein uvane med å seie at eg ikkje har peiling på korleis jenter tenker, og då jublar alle gutane fordi dei kjenner seg igjen i det. Og så bruker eg å seie at det skumlaste eg visste om då eg var 13 år, det var 14 år gamle jenter. Og no når eg er over 50, så er det framleis 14 år gamle jenter som er det skumlaste å møte i eit klasserom. Dei kan sende eit blikk som seier at «du er ingenting».

– Men når du kjem som vaksen mann med forfattarstatus, bryr du deg vel ikkje om det?

– Jau. Eg er alltid på utkikk etter dei som ikkje liker bøkene mine.

Treffer kritikarane mest

Det byrjar å bli nokre år sidan dei to ungdomsromanane hans kom ut. Den som ikkje har gøymt seg no kom i 2004, og Zoomarferien kom i 2007. Begge handlar om den forsiktige og usikre Odd og kameraten hans Per Tore. Den som ikkje har gøymt seg no har vorte samanlikna med oppvekstskildringane til Tarjei Vesaas. Kolerud fekk tre prisar for denne boka, og ho var nominert til den prestisjetunge Brageprisen. Han veit likevel ikkje om boka trefte ungdommen

– Heilt ærleg, så trur eg at eg treffer vaksne kritikarar, for dei ser at eg jobbar med språket. 12–13-åringar er nok meir opptekne av action. Eg veit ikkje om eg hadde tort å gi ut slike rolege ungdomsbøker som dette i dag. Eg trur at dette er slike bøker som vaksne gjerne vil at ungane skal lese. Heilt ærleg, seier Arnfinn Kolerud i podkasten Bakom boka.

Har ikkje vakse frå den indre 10-åringen sin

For vaksne har han skrive den heilsprø humor-trilogien om Vassbygda, og den langt rolegare boka Langt frå bambus, der hovudfiguren er eit grantre. Og no vil han altså tilbake dit han starta: Med bøker for barn på mellomtrinnet.

– 10–12-åringen inni meg har eg ikkje heilt greidd å vekse frå. Når eg besøkjer ein femteklasse, er der fullt av liv og spørsmål, både saklege og usaklege. Jo lenger opp i klassane du kjem, jo stillare blir det, og då blir det meir foredragsaktige besøk. Det er ikkje noko for meg, seier Kolerud.

Han debuterte i 1996 med barneboka Berre ikkje brøyteplogen kjem ... Det er historia om Odd som ein kveld skal ut med sparken for å selje lodd for fotballaget. Me får følgje han rundt i dei ulike husa i bygda, og møte dei sympatiske, usympatiske, vanlege og uvanlege folka som bur der. Boka er litt spennande, ganske absurd og veldig morosam.

I 2010 gav Kolerud ut ei lettlesen bok for barn: Jakta på Andy Anderssons Eftf. Boka startar den morgonen Rikke ser at nokon har skrive «IDIOT» med store raude bokstavar på huset hennar, og ho får hjelp av venninna Lea i forsøket på å finne syndaren. Også her er det humor og absurde vendingar.

Den draumen me ber på: Å bli rike

Arnfinn Kolerud er mest kjend for boka Snillionen, som kom i 2017. Her møter me Frank og mor hans. Ho vinn 24 millionar kroner i Lotto, og Frank skal få sin halvdel først når han vert 18 år. Fram til det har mora tenkt at dei skal leve akkurat like nøysamt som før. Ho går likevel med på å love vekk ein million kroner til den snillaste i bygda, altså ein snillion.

Snillionen er omsett til fleire språk, og det dett framleis inn nye omsetjingar. Kolerud trur boka treffer på tvers av kulturar fordi dei fleste av oss ber på eit ønske om å bli rike.

– Når eg reiser rundt i skuleklassar, spør eg kor mange av elevane som har lyst til å bli rike, og det har nesten alle elevar lyst til. Sånn er det sikkert både i Polen og Japan og Brasil òg. Det å skrive om pengar trur eg er lurt. Eg sit faktisk og skriv på ei bok no som handlar om lommepengar, så kanskje eg har funne meg ein nisje, seier Arnfinn Kolerud.