• Blogg
  • Set nynorskopplæringa på agendaen! 

Set nynorskopplæringa på agendaen! 

08.07.2024

Lærar og to elevar på vgs til nettside

Korleis kan du skape ei variert og motiverande opplæring i nynorsk som sidemål? Her kjem nokre konkrete tips for det nye skuleåret. 

Tekst: Jorid Saure
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Framføre deg sit 27 ungdomar på kvar sin stol. Etter nokre minutt med ståk og ståhei sit dei no endeleg og ser mot deg med passe interesserte blikk. Planen for timen er at elevane skal skrive tekst på sidemålet sitt, nynorsk, men du gruar deg til å møte reaksjonane på opplegget. 

Er du norsklærar, er sjansane store for at du kjenner deg att i denne skildringa. I juni publiserte Språkrådet og NTNU (2024) ein rapport som viser at mange lærarar finn det krevjande å undervise i nynorsk som sidemål. Lærarane opplever fallande motivasjon blant elevane for nynorskopplæringa, og dei kjenner seg ofte utrygge på sin eigen nynorskkompetanse. Å undervise i nynorsk som sidemål vert med andre ord peika på som spesielt utfordrande av lærarane. Mykje kan gjerast for å betre situasjonen for både lærarar og elevar. Her kjem nokre konkrete tips for det nye skuleåret.   

Gjer nynorsk umarkert  

Å eksponere elevane for nynorsk er det enklaste tipset du kan følgje for å fremje ein større aksept for språket blant elevane dine. Bruk nynorsk i det daglege, skriv nynorsk på tavla, på vekeplanar og informasjonsskriv, og vis fram språket som eit bruksspråk. Dess meir vande elevane blir med å lese og sjå språket i bruk, dess mindre motstand vil dei vise mot språket. Det skjer ei viktig innlæring av språket når ein omgir seg med det. Språklege mønster og ordbilete blir registrerte av hjernen, og det fremjar språklæring. Dekorer klasserommet med elevskrivne tekstar på nynorsk – og vis fram både tekstarbeidet og språket. Skriv klassereglane og andre oppslag som du veit skal henge i lengre tid i klasserommet, på nynorsk. Gjer med andre ord nynorsk umarkert og vanleg.  

Å eksponere elevane for nynorsk er det enklaste tipset du kan følgje for å fremje ein større aksept for språket blant elevane dine.

Nynorskopplæring = norskopplæring 

Set deg som mål at du skal fremje ei kreativ og variert nynorskopplæring dette skuleåret der elevane får mengdetrening i å skrive og lese nynorsk. Mykje av nynorskopplæringa i skulen har vore knytt til grammatikkopplæring med vekt på formverk og vokabular (Blikstad-Balas & Roe, 2020, s. 146). Mange lærarar føler på tidspresset og ønskjer å fremje ei effektiv språklæring, men mykje læring og skuleengasjement kan gå tapt for elevane ved ei slik tilnærming. Det er viktig å hugse på at alt du kan gjere i norskfaget, kan du gjere på nynorsk. Legg opp til varierte skriveoppgåver, og bygg inn små økter med eksplisitt språkopplæring i tilknyting til skriveoppdraga. La elevane skrive langt og kort, formelt og uformelt på nynorsk, og la dei få feile og meistre.   

Samarbeid og deling 

Det å vere nysgjerrig på kvarandre si undervising, og vere villig til å snakke om kva som har fungert bra og dårleg i klasserommet, er avgjerande for å utvikle eit profesjonsfellesskap i norskfaget. La difor nynorskopplæringa vere eit satsingsområde i norskseksjonen, og bygg opp ein delingskultur som utviklar den nynorskdidaktiske kompetansen i kollegiet. I ei tid då det vert opplevd som stadig meir utfordrande å representere norskfaget i klasserommet, er det ekstra viktig å etablere eit fagleg fellesskap som deler undervisingstips og inspirerer kvarandre. Kanskje spesielt i nynorskopplæringa. For det skjer mykje god nynorskundervising rundt om i klasseromma. Vi må berre tore å opne dørene for kvarandre.   

Godt nytt skuleår!  

Kjelder

Blikstad-Balas & Roe (2020). Hva foregår i norsktimene? Utfordringer og muligheter i norskfaget på ungdomstrinnet. Universitetsforlaget.  

Språkrådet og NTNU (2024). Norsklærerens kompetanser, roller og ansvar.