• Blogg
  • Sju bildebøker på fire språk er tilgjengelege digitalt for alle

Sju bildebøker på fire språk er tilgjengelege digitalt for alle

17.12.2024

Anne Marta og boka Ulla komprimert til nettsida ny versjon2

Forskingsprosjektet SPrELL er i mål. Eit resultat av SPrELL er at sju av bøkene som er utvikla og tekne i bruk digitalt, no fritt kan lesast i barnehagar, skular og heimar. 

Tekst og foto: Ingvild Myklebust Hovden

SPrELL er eit forskingsprosjekt omsamtalebaserte lesepraksisar i barnehage og heim. Det handlar om litteratur og læring av språk. Doktorgradsstudent Anne Marta V. Vadstein ved Nynorsksenteret har vore knytt til dette prosjektet ved Nasjonalt lesesenter i Stavanger sidan 2021. 

Ein del av prosjektet har vore å opprette eit digitalt bibliotek med tjue bildebøker på fire språk. Sju av desse er no fritt tilgjengelege. (Sjå bilete av desse sju bøkene i denne artikkelen.)  Seks av bildebøkene er på nynorsk, ei på bokmål, og alle er i tillegg tilgjengelege på polsk, litauisk og arabisk. Dette var dei tre største framandspråka i kommunen som deltok i forskingsprosjektet. Du kan også høyre lydfiler på alle språka i dei digitale bøkene.    

– Det ligg mykje arbeid i å utvikle bøkene på fleire språk for å sikre at til dømes ordspel og humor treffer, at innlesinga er god, og at språklege særtrekk og leseretning stemmer. Eitt av måla med Sprell er å motivere til lesing i lag med barn i digitale bøker som er tilgjengelege på fleire språk, seier Anne Marta V. Vadstein. 

Det er ein elefant i barnehagen til nettside
Det er ein elefant i barnehagen av Bjørn T. Bøe
Ulla til nettside
Ulla av Anna R. Folkestad
Stripe

Lesevanar i barnehagar og heimar

Tidlegare har det ikkje blitt forska på kor mykje ein les i norske barnehagar. Ein har bygd på nordiske studiar. Den nasjonale spørjeundersøkinga om lesevanar i barnehagane vart send ut til over 2500 unike e-postadresser til norske barnehagar.  

– Nærare 1200 pedagogiske leiarar og barnehagelærarar svarte, noko som er svært bra. Resultata frå denne undersøkinga blir publiserte tidleg i 2025, seier Vadstein.  
 
I tillegg vart det sendt ut ei spørjeundersøking til foreldre/føresette som har barnehagebarn.  

– Den undersøkinga viser dessverre at det vert lese mindre i heimane no enn tidlegare. Barnehagen bør derfor ha gode vanar for høgtlesing, og kan også inspirere og minne foreldre om fordelane ved å lese i lag med barna sine. Kanskje det å ha ei lenke til dei sju Sprell-bøkene på eit foreldreskriv eller i ei digital kommunikasjonsplattform kan bidra til at foreldra les meir heime. Vi håpar at barnehagane vil bruke bøkene aktivt, seier ho.

– Kvifor er det viktig å lese for barn? 

– Lesing kan gi gode opplevingar i lag og byggje ein følelse av fellesskap. Lesing gir erfaringar med kva ei bok er. Å få erfaringar med høgtlesing heime og i barnehagen legg grunnlaget for gode lesevanar, og viser at lesing er noko som har verdi, seier Vadstein.  

Bøkene inneheld eit anna språk enn kvardagstalen. 

– Tale- og skriftspråkstileigning skjer parallelt i barnehagen. Når ein les for barna, utviklar dei både fantasien og språket sitt. Dei kan også få ny leikeinspirasjon. Lesing er rett og slett bra på alle område, seier ho.  

Ein kan lese på mange ulike måtar, både den tradisjonelle boka og lesing via skjerm fungerer godt.  

– Bøker som er tilgjengelege digitalt, kan ein ha på storskjerm i barnehagen eller skulen slik at alle barna ser godt, seier Vadstein.  

Dagen opp ned til nettside
Dagen opp ned av Martine Grande
Henrik And til nettside
Henrik And av Anna R. Folkestad
Stripe

SPrELL-biblioteket

Av dei 20 bildebøkene som har vore prøvde ut i SPrELL-prosjektet, er det no sju bildebøker som er tilgjengelege gratis for alle i fem år. Seks av dei sju bøkene er på nynorsk.  

– Alle bøkene i Sprell-prosjektet  er valde ut av forskarar, barnehagetilsette og barnehagebarn. Forskarane hadde nokre faglege kriterium for utvalet, men det var dei tilsette og barna i barnehagane som hadde det siste ordet, seier Vadstein.  

Bronto Biff på Café Olala versjon 2
Bronto Biff på Café O'lala av Nhu Diep

– Kva er fordelane ved å ha bøkene tilgjengelege på nynorsk og andre språk? 

– Tanken er at når ein les dei same bøkene på norsk i barnehagen og på morsmålet heime, så er det språkstimulerande. Det kan også vere fint for barn i barnehagar som ikkje har eit språkleg mangfald, å få høyre ei bok på eit anna språk eller sjå andre bokstavar eller alfabet. Det handlar om å utforske og leike seg med språk, og få erfaringar med at lydar og ord også kan skrivast ned, seier ho.  

Lydfiler er tilgjengelege for alle bøkene. 

– Eg vil oppfordre den vaksne til å lese sjølv, men ein kan også sette på opplesarstemme viss ein ønsker det, seier Vadstein.  

Dei involverte i SPrELL-prosjektet har valt veldig nøye ut kva digitale, multimodale element ein skulle legge til bøkene. Der er nokre animasjonar som går sakte, og nokre bøker har litt stemningslyd. Desse elementa understrekar handlinga eller stemninga i boka og støttar språkforståinga. 

– Eg vil oppfordre alle som jobbar i barnehage, til å sjekke ut desse bøkene. Ein kan til dømes legge inn ei bok i veka slik at ein får lese alle dei sju bøkene, og at ein set språk på agendaen. Bøkene er ei fin moglegheit til å både kunne lese nynorske og fleirspråklege bøker, seier Vadstein. 

Jakob og Neikob til nettside
Jakob og Neikob av Kari Stai
Herr Hansen får besøk
Elisabeth Moseng står bak Herr Hansen får besøk

Her finn du SPrELL-biblioteket

Ein del artiklar som byggjer på Sprell-prosjektet, er publiserte, og fleire er under arbeid. Målet er at desse artiklane skal gi ny kunnskap til barnehagefeltet.