• Blogg
  • Skriv om smarte jenter som slit sosialt

Skriv om smarte jenter som slit sosialt

27.10.2023

Sunniva Relling Berg til nettside

Hovudpersonane hennar står på ulike måtar utanfor. Sunniva Relling Berg har skrive fleire bøker om smarte jenter som slit sosialt.

Tekst og foto: Heidi Fagna

Ho har gitt ut ei barnebok, to ungdomsromanar og ein vaksenroman. Barneboka skil seg ut ved å vere ei lettlesen bok om to søsken som er nye i landet. Dei tre andre bøkene har nokre tydelege fellesnemnarar: Hovudpersonane er jenter som slit med sosiale relasjonar, og minst to av dei tre har uvanlege evner (innanfor realfag og musikk).

– Her ligg nokre problemstillingar som har brunne sterkt i meg, seier Sunniva Relling Berg i podkasten Bakom boka.

Jenter som vil, men ikkje får det til

I debutboka Utfor møter me Lea i det ho er i ferd med å flytte frå byen til ei øy med få naboar og dermed få andre ungdommar. Ho har hatt det vanskeleg i byen, og me forstår at det har vore tilfelle av mobbing. Me følgjer ho i nytt nabolag og med nye klassekameratar, i det ho skal skape seg eit nytt liv. Ho viser ei viss interesse for Mads, men både Lea og lesaren er usikre på kvar me eigentleg har han.

Den unge bokdebutanten fekk mykje skryt for Utfor, og til og med nominasjon til den høgthengande Brageprisen.

To år seinare var ho klar med ei ny bok: Beina i gitaren. Me møter Bo, ei 17 år gamal jente som ikkje finn sin plass i verda. Ho har vanskar med å ta omsyn til sine ganske utydelege foreldre, og vanskar med å ta omsyn til andre ungdommar. Også her er det ein gut i ei viktig birolle, og også her er det vanskeleg å vite om me eigentleg heiar på han og eit forhold dei imellom.

I 2021 kom Lyden av to hender, som er kategorisert som ein roman for vaksne. Boka kan også lesast av elevar på vidaregåande skule. Her møter me Lotte, som studerer klassisk musikk i Wien. Me møter og alle mennene hennar: faren, pianolæraren, den førre kjærasten og han som kanskje vert den neste kjærasten, – og Lotte har trøbbel med alle saman. Spesielt den ungarske pianolæraren Jakob er eit mysterium, som vert nøsta opp litt etter litt.

Polarnatt Framside R 768x1215

Lettlese om tungt tema: Barn på flukt

Den siste romanen hennar skil seg frå dei andre bøkene på fleire måtar, men også den handlar i høgste grad om dei som står utanfor.

I Polarnatt møter me søskenparet Ilias og Amira som er på flukt i den iskalde vinternatta ein stad i Nord-Noreg. Det er ei lettlesen bok med mindre tekst og nokre illustrasjonar, og tempoet er høgare gjennom heile boka. Polarnatt vart gitt ut i samarbeid med Leser søker bok, med forfattar Brit Bildøen som mentor.

– Eg syntest det var utruleg krevjande å skrive lettlese. Eg jobba veldig mykje med å få det bra nok. For det skal jo vere ei skikkeleg spennande historie der du blir kjent med karakterane, sjølv om det er på få ord, seier Sunniva Relling Berg i podkasten Bakom boka.