• Blogg
  • Slik er elevane «pålogga» ein heil time

Slik er elevane «pålogga» ein heil time

28.11.2019

Kåre Kverndokken

Dosent Emeritus Kåre Kverndokken ved Universitetet i Sørøst-Norge heldt eit engasjerande foredrag på Nynorskkonferansen om korleis ein skal halde på engasjementet til elevane i norsktimane. 

Tekst og foto: Anna Kirsten Aaland Hellevang

Kåre Kverndokken har sjølv observert mange skuleklassar og ser fort når elvane dett ut av undervisninga. Han har samla mange av undervisningsopplegga sine i 101-bokserien som han er kjend for. Der kan lærarar finne mange opplegg for å halde på merksemda til elevane.

Han meiner at elevane bør forvente å bli spurde heile tida. Han har døme på at gutar kan vere meir aktive enn jenter, endå dei ikkje har lese teksten. Kverndokken viste til at bruk av rekvisittar kan vere vellukka. Til dømes kan ein ha ein flosshatt med lappar som kan brukast i undervisninga.

– Vi er regissørar av eiga undervisning, seier han.

Læringsbillettar må elevar skrive i løpet av timen. Her skal elevane svare på tre punkt. Det kan vere mange måtar å forme spørsmål til ein slik billett. Til dømes at elevane svarar på kva dei har lært og kva dei vil lære meir om. For nokre klassar kan dette vere ein billett til å få gå i friminutt. 

Kverndokken meiner det er for mykje matcheteknikk i skulen. Det vil seie at elevane svarar på spørsmål med å skrive av noko i læreboka. Elevane må trenast opp til refleksjon når dei svarar på spørsmål. Med dagens teknologi er det mange måtar å jobbe med samansette tekstar på.

– Mellom anna har det vore vellukka å lage film med «green screen», fortel Kverndokken.

Elevar bør lære kva som er viktigast i ein tekst. Ei øving kan vere å ta ein tekst og be elevane ta bort halvparten av han. Då får elevane trena seg i kva som er viktigast, noko som vil kome til nytte når dei blir studentar. Kverndokken hadde ei rekkje tips, og mange finn ein i 101-serien.