Snakk for deg sjøl
30.01.2020
“Eg vil slutte på skulen”. Dette er ei setning føresette er redde for å høyre, ei setning lærarar høyrer, og som ein del ungdommar opplever at dei på eit punkt må seie. Bli med til Tromsø og bli kjend med metodikkprogrammet Snakk for deg sjøl som har som mål å motivere born og unge til å vere på skulen og ungdommar til å fullføre vidaregåande opplæring.
Tekst: Guro Kristin Gjøsdal
Foto: Snakk for deg sjøl
Snakk for deg sjøl er eit heilskapleg program med ein metodikk som inneheld sju aktivitetar. Dette er skriveverkstad for born og unge, teaterframsyningar, forsking, fleirkulturell og -språkleg integrering, generasjonsmøte og kompetanseheving i metodikken for lærarar og elevråd.
Bakgrunn
Snakk for deg sjøl vart starta i 2012 av Rebekka Brox Liabø og Kristina Junttila då ungdom frå byen Tromsø deltok på skriveverkstad som munna ut i ei framsyning på Kunstforeninga i Tromsø. I 2014–2015 vart prosjektet utvida der 1300 elevar, lærarar og publikum i Troms og Finnmark var med på skriveverkstad og framsyning. Snakk for deg sjøl er etablert i eit AS og registrert i frivilligregisteret. Til no har Snakk for deg sjøl hatt om lag 13 650 deltakarar, 6350 tekstar og 370 verkstadar. Dei har fått gode tilbakemeldingar.
Skriveverkstad
På skriveverkstaden lærer elevane ei rekke teknikkar innanfor kreativ og prosessbasert skriving og teater. Dette er for å motivere til skriving og å uttrykke eigne meiningar kring skule, framtid og identitet. Det er ein praktisk verkstad der ein saman leiter etter dei beste formuleringane. Kurset gir rom for både humor, glede og alvor, og det er utvikla ulike skriveverkstader for målgruppene mellomtrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring.
Kurs for lærarar og elevråd
– Vi opplever å få fram engasjerte elevar som skriv utan stopp og som motivert arbeider med tekstane sine og villig deler dei med andre, seier Rebekka Brox Liabø.
Å motivere elevar til skriftleg utfalding kan vere krevjande, men også noko av det viktigaste i metodikken. På kurs for lærarar eller elevråd får deltakarane praktiske og interaktive verktøy til bruk i klasserommet. Metodane inneheld øvingar som det er realistisk å få til å gjennomføre i skulekvardagen. Fleire lærarar responderer med at dei opplever at metodane er nyttige både i norskfaget og tverrfagleg.
Framsyningar
Snakk for deg sjøl har til no utvikla og gjennomført fire teaterframsyningar. Dei fyrste framsyningane, “Snakk for deg sjøl” og “Nå snakker jeg”, handlar begge om fråfall i skulen, skule og ungdomstid, men har ulikt omfang. “Snakk for deg sjøl” er ei framsyning om å slutte på skulen. Den hadde premiere på Hålogaland Teater i mars 2015 og fekk positiv omtale lokalt og nasjonalt. “Nå snakker jeg” er ein interaktiv monolog om dei ulike elevgruppene i ei klasse. Om å sitte i garderoben og ikkje klare å gå inn til timen, om framtidsdraumar og om å hjelpe kvarandre når noko er vanskeleg. Denne framsyninga vert spelt i ulike klasserom og varer i ein skuletime. Det er ei interaktiv framsyning der elevane er med og bestemmer om hovudpersonen Samuel skal slutte på skulen eller ikkje. Framsyningar fungerer godt som eit utgangspunkt for vidare samtale i klassen, om fråfall, skule og identitet.
“Den store klassefesten” er ei framsyning der ein som publikum er invitert til å vere med på å feire skulen! Kva vil du feire frå eiga skuletid? Svara Liabø og Junttila har fått, er, saman med tekstar frå skriveverkstadar, brukte til å forme ulike feiringar av skulen. Feiringa skjer i ulike klasserom med tran, karaoke, nye ord og partyhattar. Målet er å feire at i skulen kan framleis alt skje, og at skulen er staden å vere. Samstundes ønsker initiativtakarane å stille spørsmål ved norsk skule, normer og forventningar til kunsten. Framsyninga er utarbeidd i samarbeid med Hålogaland Teater og hadde premiere på Festspillene i Nord-Norge. Framsyninga er turnert med i Troms og Finnmark.
“Det eneste jeg vil er å sove” er også ei interaktiv framsyning. Publikum var invitert til Ungdommens Hus i Harstad under Festspillene i Nord-Norge i 2019. Der fekk dei henge saman med søvnlaus ungdom frå Tromsø. Å ikkje få sove kan kjennast einsamt. I denne framsyninga er ein saman i det søvnlause og undrar seg over kvifor det er slik at ungdom til alle tider seier at dei ikkje får sove eller søv annleis enn vaksne. Kvifor er det slik? Kva er det ungdomen tenkjer på? Kvifor får dei ikkje sove? Gjer det noko at dei ikkje søv? Ligg dei vakne fordi dei passar på noko? På førehand av denne framsyninga hadde Snakk for deg sjøl skriveverkstad i Nord-Noreg og samla inn over 200 tekstar om kva ungdom tenkjer på før dei sovnar. Desse tekstane er lagde til grunn i utviklinga av framsyninga “Det eneste jeg vil er å sove”.
Generasjonsmøte gjennom skriving
Eit hjarteprosjekt i Snakk for deg sjøl er ein møteplass der ungdom og eldre møtest for å skrive saman. Her blir elevar sekretærar for menneske som har diagnosen Alzheimer og aldersdemens og bur på omsorgssenter. Her fortel dei eldre historier frå eigne liv medan ungdomen dokumenterer det skriftleg. På denne måten blir det skapt ein møteplass mellom unge og eldre, og i den møteplassen finn dei forståing, likskap og kjærleik.
Inkludering og integrering
Snakk for deg sjøl har også eit samarbeid med innføringsklasser i vaksenopplæringa. Liabø erfarer at språk skaper ulikskap samstundes som ein gjennom arbeid med inkludering og integrering ser kor like vi menneske er, uavhengig av språk og bakgrunn. Målet er å styrke denne målgruppa sin posisjon i samfunnet. Det vert gjort gjennom ein fritidsaktivitet som fungerer som ei forlenging av skuledagen, der språkopplæring og nettverksbygging er det sentrale. Prosjektet “Her e æ” har vekt på å bli kjent med byen ein er busett i gjennom kulturell aktivitet og sosialt fellesskap. Deltakarane går på framsyningar og blir kjende med fritidsaktivitetar og andre menneske, gjerne i same aldersgruppe. Liabø fortel at ønsket er at denne målgruppa skal finne si stemme individuelt og i samfunnet gjennom snakke- og skrivemetodikk, og å gi dei støtte til å ta del i samfunnet gjennom å finne aktivitetar der ein kan trivast og utvikle seg i samhandling med andre.
Samla sett vil Rebekka Brox Liabø seie at motivasjonen hennar ligg i å motverke utanforskap og å styrke den psykiske og fysiske helsa til dei ulike målgruppene. Å kunne snakke, skrive og å uttrykke seg er sentralt i eit demokratisk samfunn. Å dele tekstar og ytringar rører ved oss på alle kjensleplan. Skule og samfunn høyrer saman. Det elevane lærer, er sentralt og viktig for å kunne meistre livet. Forsking og teori kring Snakk for deg sjøl kan du lese om i Metodefestival og øyeblikksrealisme (Otterstad & Reinertsen, 2015).
Ressursar om kreativ skriving
Nynorsksenteret har laga oppgåver og tips til korleis ein kan arbeide med kreativ skriving i skulen.