• Blogg
  • Forfattar med forfriskande innlegg

Forfattar med forfriskande innlegg

08.10.2019

Lsn 250618 Kristin Fridtun3

Forfattar Kristin Fridtun kjem til Hamar den 20. november for å halde føredrag om det norske språkmangfaldet: ein lapskaus, eit villnis eller ein god gin og tonic?

Tekst: Anna Kirsten Aaland Hellevang
Foto: Lene Sørøy Neverdal

Den nasjonale norskkonferansen i regi av Nynorsksenteret vert arrangert på Hamar 19.–20. november. Kristin Fridtun lovar eit forfriskande innlegg om norsk språkdebatt. Forfattaren seier at sjølve debatten er velkjend for dei fleste, men at metafor-bruken til debattantane er lite utforska.

– Dette vil eg gjera noko med, for det er både moro og lærerikt å granska debatten frå den synsvinkelen. Ifølgje moderne metaforteori er metaforar ein viktig del av tankeverksemda vår. Dei er til stor hjelp for oss når vi drøfter og snakkar om abstrakte og kompliserte saker.

Språket er vel nettopp ei slik abstrakt og komplisert sak?

– Ja, visst! Språket er ikkje ein handfast og tydeleg avgrensa ting som vi kan sanse direkte, men vi førestiller oss ofte at språk har ein fysisk struktur, for då blir det lettare for oss å tenkje på og snakke om temaet. Vi plar til dømes sjå føre oss at skriftspråk er «tufta» på eller «byggjer på» eit eller fleire talemål. Då blir skriftspråket forstått som ein bygning eller konstruksjon som har talemåla som fundament.

Landsmål i lause lufta

Det at debattantar tenkjer på språk ved hjelp av same metafor, til dømes «språket er ein bygning», tyder likevel ikkje at dei er samde i alt.

– Både Ivar Aasen og Knud Knudsen såg på skriftmål som bygningar, men dei var rivande usamde om kva slags grunnlag skriftmålet skulle ha. Aasen meinte at landsmålet hadde eit godt fundament og stod støtt, men Knudsen meinte at landsmålet mangla fundament og svevde i lause lufta!

I boka Språket er ei bukse, som kom ut i vår, har Fridtun granska metafor-bruken i norsk språkdebatt. Ho meiner nemleg at det er ein samanheng mellom standpunkta våre og metaforane vi nyttar.

– Eg har studert argumentasjonen til ei rekkje deltakarar i språkdebatten, både fagfolk og lekfolk, og eg synest at eg ser nokre tydelege skilnader mellom dei ulike partane. Til dømes har riksmålsfolk i mykje større grad enn målfolk argumentert med at «språket er ein organisme».

Gjekk over til nynorsk som 19-åring

Fridtun vaks opp med bokmål som hovudmål, men gjekk over til nynorsk etter kvart.

– Nynorsk er det skriftmålet som gjev meg størst glede. Alt på ungdomsskulen kjende eg ein dragnad mot nynorsk generelt og tekstene til Tarjei Vesaas spesielt, fortel 32-åringen.

Som 19-åring gjekk forfattaren over til nynorsk.

–  Det var nok fyrst og fremst den demokratiske eller sosiale sida ved nynorsken som lokka meg over: Det at nynorsken representerer talemålet til vanlege folk over heile landet, seier Fridtun. 

Planar for ny bok

Forfattaren kjem frå Elverum, men er ho busett i Lillehammer. Fridtun har gjeve ut fem bøker på Samlaget. Den siste tida har Fridtun turnert rundt i landet med den siste boka Språket er ei bukse. Men like fullt er nye prosjekt i emning. Planen er nemleg å skrive ei bok som drøftar spørsmålet:

– Kvifor irriterer folk seg over skrivefeil?

Går alt etter planen, kjem boka ut til neste haust i 2020. 

Her finn du meir informasjon om Nynorskkonferansen 2019:
https://nynorsksenteret.no/konferanse2019