• Blogg
  • Studentar har lese inn lydfiler

Studentar har lese inn lydfiler

11.12.2019

Sol Horten

Dramastudentar ved Høgskulen i Volda har lese inn tekstar til leseaksjonen Tid for ti

Tekst og foto: Ingvild Myklebust Hovden

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn. Aksjonen, som byrjar i januar, er eit samarbeid mellom Foreningen !les og Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda. Ein av studentane som har vore i lydstudio, er Sol Ingrid Benedikte Villemo Horten. 28-åringen, som kjem frå Oslo, går andre året på teater og drama.

– Før eg byrja på studiet her i Volda, hadde eg ikkje jobba noko særleg med lydbok, fortel Sol.  

I haust har dei hatt eit emne som heiter Lydbok, dubbing og radioteater.  

– Vi har fått prøve oss i studioet her på skulen med rettleiing frå mellom anna ein gjestelærar som driv med lydbokinnspeling til vanleg, seier ho. 

I haust fekk studentane også lov til å spele inn eit arbeidskrav på lydbokforlaget i Oslo. Deretter dukka det opp eit spørsmål frå Nynorsksenteret, som var på jakt etter studentar som ville lese inn tekstar til Tid for ti.

– Lærerikt

Sol sende inn lydprøve til Nynorsksenteret, og ho vart plukka ut til å lese eit tekstutdrag frå Nattmannen av Anders Totland.

– Å lese inn tekst på nynorsk var både gøy og lærerikt. Her fekk eg prøvd ut det som vi har lært gjennom semesteret, både når det gjaldt førebuingar og det å arbeide i studio med teknikar og regissør, fortel Sol.
Arbeidet i studio gav meirsmak.  

– Lydbok er absolutt noko eg kan tenkje meg å jobbe meir med i framtida. Lydbøker gir alle lik moglegheit til å lese/høyre bøker, og i tillegg synest eg det er ein spennande og interessant måte å jobbe på, seier ho. 

Peder Skåden
Peder Skåden har lese inn teksten Blå flaggermus av Harald Nortun.

Nynorskbrukar

Peder Skåden byrja på ein bachelor i teater og drama i haust. Han er 19 år gamal og kjem frå Loen i Sogn og Fjordane. Peder har lese inn teksten Blå flaggermus av Harald Nortun. 

– Eg har jobba litt med innlesing av lydbok i skulesamanheng tidlegare, men ikkje så mykje, så dette var ei god oppleving. Eg er nynorskbrukar og trivst svært godt med å lese på nynorsk, seier Peder.

Han håper Tid for ti og lydfilene kan vere med på å styrke nynorskkunnskapane blant elevar over heile landet. Peder kan også tenke seg å jobbe meir med lydbøker i framtida. 

Rebekka Aarvik
Rebekka Aarvik las inn utdrag frå diktsamlinga Skogen den grøne av Ruth Lillegraven.

Viktig for elevane

Dramastudent Rebekka Aarvik frå Selje i Sogn og Fjordane har ikkje jobba med lydbok før ho byrja på Høgskulen i Volda. Ho las inn utdrag frå diktsamlinga Skogen den grøne av Ruth Lillegraven.

– Det var kjempestas å få prøve seg. Det var ei lærerik og behageleg oppleving, seier ho. 

Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret var med i studio for å rettleie studentane.

– Til dette prosjektet har vi plukka ut røyster som vi trur kan passe til stemninga i dei ulike tekstane. I tillegg har det vore eit viktig poeng å få til ein variasjon i kvar innlesarane kjem frå, slik at elevane får høyre nynorske tekstar lesne av folk med ulike dialektbakgrunnar, fortel Arild.

Rebekka trur at elevar som får høyre ulike dialekter, kan lære mykje av det. 

– Det kan verte lettare for elevar å lære seg å skrive nynorsk dersom dei får høyre korleis det høyrest ut. Som skodespelar er dialekter og språk eit veldig viktig verktøy også. Eg er kjempestolt over å ha vakse opp med nynorsk som morsmål, fortel Rebekka.  

Raymond Corrado Knudsen
Høgskulelektor Raymond Corrado Knutsen meiner studentane får svært relevant arbeidspraksis gjennom innspelinga saman med Nynorsksenteret.

Svært relevant praksis

Høgskulelektor Raymond Corrado Knutsen underviser i drama og teater ved høgskulen i Volda. 

– Gjennom innspeling saman med Nynorsksenteret får studentane svært relevant arbeidspraksis og trening med innlesing av lydbøker, fortel han. 

Emnet som heiter Lydbok, dubbing og radioteater er unikt i Noreg. 

– Difor er det både naturleg og positivt at studentane våre får jobbe som innlesarar så mykje som mogleg i studietida, seier Raymond.

Ein god innlesar har eit godt vokalapparat, viser stor evne til å leve seg inn i teksten og kan fortelje dynamisk.

– Ho eller han «kviskrar målgruppa si i øyret», har eit grep om mikrofonteknikk og er behageleg i studiosituasjonen. Evne til å kunne spele inn sjølv og forstå enkel programvare og standard for innspeling, gjer innlesaren både meir attraktiv i marknaden og flinkare til å meistre mediet. 

I arbeidet med Tid for ti har journaliststudent Hanna Rørtveit hatt ansvar for det tekniske. 

– Vi er glade for å kunne samarbeide med dyktige studentar frå ulike avdelingar ved Høgskulen i Volda, seier Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret.

På nettsida til Tid for ti finn du meir informasjon om leseaksjonen.