• Blogg
  • Superkreftene i poesien!

Superkreftene i poesien!

18.10.2022

Andre Hadland til nettside

André Hadland, også kjent som Son of Light, N-Light-N og Lyset, er ein norsk rappar som brenn og lyser for poesi, ungdom og språk.

Foto: Nima Taheri

I år er det 25 år sidan debutalbumet hans, «Deep Green», vart utgjeve. Dette albumet vart nominert til Spellemannsprisen, og det var det sterke forholdet hans til poesi som førte fram til dette rap-albumet. Albumet har av mange vore rekna som det beste rap-albumet i Noreg.

På Bjørnsonfestivalen og Instagram har Hadland opplesingar av dikt under namnet «Lyset leser». Gjennom arbeidet sitt i Den kulturelle skulesekken har han arbeidd med språk, ungdom og poesi gjennom ei årrekke. På skulebesøka rundt om i landet inspirerer han unge til å lese poesi. Kjennemerket hans er engasjement.

I denne teksten skildrar Hadland kvifor han meiner litteratur og poesi er så viktig for ungdom:

Eg hugsar godt den kvelden poesien fann meg. Det var rytmisk dikting av ypparste kvalitet. Det var André Bjerke, og nonsensdiktet hans «Farao på ferie». Mor mi las høgt for meg kvar kveld eg skulle sove, og i det ho introduserte meg for det leikne, bølgjete og tøysete rimet til Bjerke, var det berre eit spørsmål om tid før eg gjorde denne kunsten til min eigen. Det var altså, ironisk nok, ikkje rap-musikken først og fremst som inspirerte meg til å jobbe med rytmisk poesi, men meisteren Bjerke – og hundrevis av poetar sidan.

Poesi er ei verdfull kunstform som tillet oss å fortelje omverda – og ettertida – om kven me er, kven me ynskjer å vere, og kven me var. Det er å uttrykka draumar, håp, fortviling – ingen tankar eller kjensler er for små eller store. Det er ein eigen måte å kommunisere på som bryt barrierar som tid, språk, etnisitet, seksualitet og geografiske eller metaforiske grenser.

Me har alle, uansett kvar me bur, dei same kjenslene, dei same spørsmåla, dei same fryktene og gledene. Derfor fungerer poesi som ein fantastisk bindevev, då han kan romme både det personlege og det djupt allmenne. Før det å lese og skrive var allmennkunnskap, overlevde verdiane i ein kultur, og korleis kulturen såg på ting gjennom munnleg overlevering, ei «urdikting». Poesi inspirerer til å setje ord på – og gjerne til og med oppdage – kjensler ein ofte tek for gitt, eller rett og slett ikkje orkar å kjenne på. I ei tid der mentale og sosiale utfordringar ser ut til å auke, kan poesi ha eit enormt potensial til arbeid med psykisk helse.

Språk er på mange måtar ein supersans som hjelper oss kollektivt til å forstå det som er likt og det som er ulikt, både på eit kulturelt og individuelt plan. Språket ditt er ein viktig del av kven du er. Nynorsk er også ein slik identitet, ein del av den personen du er.

Eg trur at poesi har fått eit litt einsidig rykte på seg for å vere utdatert og høgtflygande, men dette er ei stor misoppfatning. Poesi er det du vil han skal vere. Han kan vere omskifteleg og flytande som vinden; poengtert og rytmisk som ein rap-tekst, mjuk som ein poptekst eller banal som ein sms. Han treng heller ikkje ha noka klar tyding, då den første og største oppgåva til diktet er å eksistere. Som den store diktaren T.S. Eliot sa: «Ektefølt poesi kan kommunisere lenge før han blir forstått». Dette er òg ein del av magien til poesien. Han har kraft til å forandre, transportere, trøyste og skremme både avsendar og mottakar. Det er språket mellom språka. Det er ekkoet som får skuggane til å danse.