• Blogg
  • Synnøve Marie Sætre er tilsett som ny leiar for Nynorsksenteret

Synnøve Marie Sætre er tilsett som ny leiar for Nynorsksenteret

03.06.2022

Synnøve M Sætre sk 47 til nettside

(Foto: Kristianne Marøy)

Synnøve Marie Sætre er tilsett som ny leiar for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret).

Ho er utdanna lærar og har i tillegg leiarerfaring frå både Norsk Målungdom og Noregs Mållag.

– Eg ser veldig fram til å ta til i stillinga, og eg gler meg til å vere med på det viktige arbeidet Nynorsksenteret driv for ei engasjerande og god opplæring i nynorsk både i barnehage og skule, seier Synnøve Marie Sætre, som tek til i stillinga 1. oktober.