Tek elevane med inn i språkhistoria
03.02.2025
Lærar Magritt Jarlsdotter Grimstad saman med skodespelarane.
Korleis kan ein gjere språkhistoria spennande for elevar i ungdomsskulen?
Tekst og foto: Ingvild Myklebust Hovden
I framsyninga «Det var ein gong eit språk» får elevane møte holebuarar som skriv runer, og vikingar med norrønt språk. Dei får lære om svartedauden, dansketida og danninga av nynorsk og bokmål. Lærar Magritt Jarlsdotter Grimstad har tidlegare laga ein undervisningsvideo som heiter «Språkhistoria på 11 minutt». «Det var ein gong eit språk» er basert på denne ideen. Grimstad har vore med på å utvikle den nye framsyninga saman med skodespelarane Kornelia Magrittsdotter Nicolaysen Melsæter og Fride Snipsøyr Holøs. Målgruppa for framsyninga er elevar i ungdomsskulen, spesielt elevar på 10. trinn.
– Fordelen med teater er at elevane bruker fleire sansar enn når dei les i boka. Vi håper at elevane lærer om språkhistoria, men også at dei tenker over kva påverknadskraft dei har som språkbrukarar, seier skodespelar Kornelia Melsæter.
– Vi har eit språk frå vi er barn, men her kan elevane få lære meir om kvar språket kjem frå. Elevane får kanskje ei anna tilhøyrsle til sitt eige språk og sin eigen kultur, seier skodespelar Fride Snipsøyr Holøs.
Om framføringa
Den nye framsyninga varer i 20 minutt og tek utgangspunkt i kompetansemåla i læreplanen i norsk. Kristoffer Nicolaysen Melsæter har saman med Kornelia komponert og produsert musikken. Kristoffer har laga oppsettet for framsyninga. Lysdesignet og teknikken er utvikla slik at det skal vere enkelt å ta med på turne. Elevane sit i ein sirkel. Skodespelarane er både inni og utanfor sirkelen undervegs i framsyninga, noko som gjer at dei tek elevane med inn i språkhistoria.
– Vi har fått tilbakemeldingar om at det er veldig mykje enklare for elevane å hugse språkhistoria fordi dei får eit forhold til dei karakterane dei møter i framsyninga. Dei opplever at det er engasjerande fordi formatet er tilpassa ungdomar, med lys, lyd og musikk, seier Holøs.
Til slutt i framsyninga kjem skodespelarane inn på korleis det engelske språket er i ferd med å påverke dei to norske skriftsspråka. Når framsyninga er ferdig, får elevane eit gruppearbeid, der dei skal reflektere over kva som har skjedd med språket frå 2020 til 2025, deretter skal dei tenke seg til kva dei trur kan skje med språket frå 2025 til 2050. Til slutt skal dei presentere dette for klassen, og mange vel drama som metode.
Ideen bak språkhistoria
Lærar Magritt Jarlsdotter Grimstad utdanna seg først som dramalærar, og seinare som norsklærar. Ideen til å dramatisere språkhistoria for elevane fekk Grimstad då ho var i praksis som norsklærar.
– Sidan eg har fordjuping i drama, var det veldig naturleg for å meg å bruke drama inn i norskfaget. I ungdomsskulen opplevde eg at elevane lærte litt om språkhistoria på dei ulike trinna, men at mange elevar trong hjelp til å sjå språkhistoria i samanheng. Eg tenkte at vi er nøydde til å få det til på ein skuletime, forklarer Grimstad.
Opplegget fungerte så godt at Grimstad fekk i oppgåve å halde framsyninga for alle klassene på Kolvikbakken ungdomsskule i Ålesund. Seinare vart ho invitert til ein konferanse som Språkrådet og Nynorsksenteret arrangerte i Oslo, der ho fekk vise fram arbeidet sitt.
– Det var fleire som ønskte at det skulle filmatiserast slik at det kunne brukast av fleire, seier ho.
I 2014 spelte ho inn Språkhistoria på 11 minutt på film i samarbeid med Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda.
– Eit slikt opplegg kan brukast som ein start på emnet, og så kan ein gå djupare inn i det. Eller så kan det brukast som ein repetisjon. Eg opplever også at elevane forstår betre kvifor vi har to skriftspråk, og kvifor dei skal lære både nynorsk og bokmål, seier ho.
Tilbakemeldingar frå heile landet
Magritt Jarlsdotter Grimstad får tilbakemeldingar frå heile landet fleire gongar i året.
– Eg har til og med blitt stoppa på gata av folk som vil ta bilde av meg, ler ho.
Det er fleire lærarar som har spurt om ho reiser rundt med denne framsyninga, men Magritt arbeider fulltid som lærar ved Kolvikbakken ungdomsskule i Ålesund.
– Dottera mi Kornelia er skodespelar. Saman med Fride har ho fått lov til å vidareutvikle og modernisere framsyninga med meg, seier Grimstad.
Elevane får mange gode diskusjonar rundt språk gjennom gruppearbeidet etter framsyninga. Etter at kvar gruppe har dramatisert kva dei trur kjem til å skje frå 2000 til 2050, kan klassen diskutere i fellesskap.
– Kjem nokon kjem til å protestere dersom engelsk tek over for dei norske språka til dømes? Her er både refleksjon, djupnelæring og elevdeltaking sentralt, seier Grimstad.
På nettsida til Den kulturelle skolesekken kan du lese meir om framsyninga.