• Blogg
  • Ti tips frå norsklærar Merete Henden

Ti tips frå norsklærar Merete Henden

10.08.2021

Merete Henden til nettside

Foto og illustrasjonar er henta frå boka Skriv for livet!

Merete Henden har vore norsklærar i ungdomsskolen og vidaregåande skole i ei årrekke, og er aktuell med boka Skriv for livet! Boka er meint for både ferske og garva norsklærarar som vil ha tilgang til praktiske øvingar og få inspirasjon til skriving. Her er hennar beste tips for å lære seg nynorsk som sidemål. På Instagram og Facebook kan du følgje Skrivelæreren og få tips til skrivestartarar.

Kva skal til for å bli god til å skrive på sidemålet?
Kva skal til for å bli god til å springe?

Kor vil du og kva gjer du?

Svaret på spørsmåla over er rett og slett det same – du må gjere jobben!

Dei tre viktigaste stikkorda er tid, ork og lyst. Ingen melder seg på maraton viss ein ikkje er villig til å legge ned ein solid innsats for å få på plass kondisen. Vi må setje av tid (vekk med mobilen!), vi må orke det (ikkje jukse!), og så må vi saman leite etter den avgjerande lysta. Under har eg samla ei liste som kan hjelpe deg:

1. Start med målet

Alle må vite kor dei skal, for å kunne velje rett veg. Å lage seg ei måltrapp med konkrete delmål kan vere lurt. Innsatsen din vil vere avhengig av kor ambisiøst målet ditt er. Skaff deg ei loggbok og start med å skrive ned kva målet ditt er.

2. Klar – ferdig – gå!

Du må kartlegge motivasjonen din for å bli god til å skrive på sidemålet. På ein skala frå 1 til 10 – kor motivert er du? Gjer denne øvinga ein gong kvar månad.

3. Skriv ofte – helst litt kvar dag

Du bestemmer sjølv kor mykje du vil skrive. Skal det vere nokre setningar eller eit lite avsnitt? Det viktigaste er at det blir gjort jamleg og at det blir ein god rutine. Når du skriv ned det du gjer, blir det ei treningsdagbok som vil hjelpe deg å nå målet.

4. Skriv saman med andre

Trening er lettare med andre, og ein læringspartnar som har likt mål, er gull verd! På same måte som ein treningspartnar som vil bli god til å springe, vil hjelpe deg å nå målet, kan ein skrivepartnar hjelpe deg til å nå langt. Ved å byte tekstar, finne feil og skrive tilbakemeldingar til kvarandre vil arbeidet gå lettare. Det blir òg meir forpliktande når ein er to.

Er du norsk nok til nettside
Illustrasjon henta frå boka Skriv for livet!

5. Gje deg sjølv val

Du finn meir enn 500 skrivestartarar hos Skrivelæreren på Instagram og Facebook. Dei kan lett omsetjast til nynorsk, og tekstar kan delast i kommentarfeltet til lukka gruppe på Facebook. Kanskje vil du lage eigne samansette tekstar og skrivestartarar og dele med treningspartnaren din?

Døme på ulike skrivestartarar:
Kva vil det seie å vere norsk nok?
Når er ein norsk nok?
Er du norsk nok?
Er det typisk norsk å snakke om å vere norsk?

6. Variasjon = motivasjon

Alle som skal bli gode til noko, sørger for variert trening så ikkje dei går lei. Set opp ei liste som du kan velje frå kvar veke. Det kan vere læringsloggar eller treningsdagbok, skrivestartarar, Si;D-innlegg frå Aftenposten, dikt, nyheitssaker og oppsummeringar frå ulike fag.

7. Inspirasjon

Leit etter inspirasjon i bøker, sosiale medium og i NRK sitt arkiv. Lag deg ei samling med Ti-på-topp-bøker, tips kvarandre om folk å følgje som skriv på nynorsk, og finn ein nyheitsartikkel kvar veke som du deler og diskuterer med andre.

8. Finn eit forbilde

Ein av favorittforfattarane mine er Agnes Ravatn, og den suverene boka Operasjon sjølvdisiplin kan eg ikkje få rost nok. Det er rett og slett ei bok alle bør eige! «Kanskje den viktigaste boka du nokon gong les», ifølgje ein av mine tidlegare elevar.

9. Bli godvenn med ordlista

Når du beherskar ordlister og retteprogram, kan du konsentrere deg om innhald og struktur. Omsettingsprogram, som til dømes Apertium, gjer deg ikkje betre til å skrive, og må brukast med måte. Grammatikksidene til Språkrådet og Nynorsksenteret er gode hjelparar, og ordbok finn du her.

10. Ta del i skrivekonkurransar

Gode tekstar blir til over tid, og det er langt meir motiverande å revidere tekstar som skal lesast av andre enn læraren. Her finn du gode skrivekonkurransar: Framtida.no, Fritt Ord og Aftenposten.

Illustrasjon med dikt Fem om dagen til nettside
Illustrasjon henta frå boka Skriv for livet! Diktet er omsett til nynorsk.

Kjelder:
Henden, Merete: Skriv for livet! Fagbokforlaget 2021