• Blogg
  • Ti tips til masteroppgåva

Ti tips til masteroppgåva

17.07.2020

Språk Komprimert Versjon

Det er fleire som skriv masteroppgåver på nynorsk og om nynorsk. Nynorsksenteret får av og til spørsmål om tips til å skrive masteroppgåve.

Tekst: Anna Kirsten Aaland Hellevang
Illustrasjonsfoto: Shutterstock

Nynorsksenteret har teke kontakt med ein student som var ferdig med masteroppgåva si i fjor, Anita Steinsbø Støfring ved Høgskulen på Vestlandet. Masteroppgåva «Rettskriving i nynorsk og bokmål: Ein studie av substantiv og verb i tekstar skrivne av elevar på 7. trinn» var på nynorsk og handla om nynorsk rettskriving. Her er hennar tips til andre som skriv masteroppgåver. 

1. Vel eit tema du vil jobbe med

Støfring meiner det er viktig å velje eit tema ein synest er kjekt å jobbe med over lengre tid. Ho vart interessert i ein studie i rettskriving etter å ha jobba med ei semesteroppgåve.

2. Gjer førarbeid

Før masteroppgåva hadde Støfring skrive ei semesteroppgåve som handla om teori. Då hadde ho eit godt teoretisk grunnlag å byggje vidare på. Det bana vegen til vidare arbeid innanfor det feltet som ho valde å jobbe med. I teoridelen hadde ho med nokre av dei mest kjende tidlegare undersøkingane og som var spreidde i tid.

3. Avgrensing

Støfring avgrensa oppgåva til å gjelde rettskrivingsfeil av substantiv og verb. Ei stund lurte ho på å ta med adjektiv også, men så tykte ho det vart for omfattande og ho droppa dette. Å avgrense oppgåva har spart ho for tid, og det har gjort oppgåva oversiktleg.

4. Lag tidsfristar

Støfring meiner det er viktig å ha ein plan med kva ein skal gjere, og lage seg tidsfristar for å sikre framdrifta av oppgåva. For å bli ferdig med oppgåva i tide er det viktig å setje seg delmål. Ein måte å lage seg delmål er å lage innhaldsliste med deloverskrifter, og å sjå på denne lista som ein kommode med mange skuffer som du kan fylle med tekst etter kvart. Å konsentrere seg om ei og ei skuffe er ein måte å lage seg delmål på. Støfring bestemte seg for å bli ferdig med enkelte kapittel før jul. Analysedelen tykte ho var mest tidkrevjande, noko ho jobba seg ferdig med i februar 2019. Ho måtte gå gjennom stoffet sitt tre gonger før resultata vart rette.

5. Ha eit system på skrivinga

Mange vil skrive metodekapittelet først, men for Anita Steinsbø Støfring så fungerte det å skrive kronologisk. Ho starta med innleiinga og jobba vidare med teorikapittel før ho gjekk laus på metodekapittel og deretter resultat og drøfting.

6. Jobb i lag med andre som tek masteroppgåve

Støfring opplevde det som ein styrke å vere på lesesalen saman med andre som jobba med masteroppgåver.

– Det hjelper å snakke med folk som er i same båt, fortel Støfring. Ho fortel at ein kan få hjelp sjølv om ein ikkje har same oppgåva. Til dømes tipsa dei kvarandre om aktuell teori.

7. Lag tabellar/figurar

I oppgåva til Støfring har ho fleire små tabellar der dei viktigaste funna er samla. Dette gjer den kvantitative undersøkinga oversiktleg. Støfring fortel at dei som er interesserte i tal, kan bla seg gjennom tabellane og sjå på dei. På denne måten kan ein få med seg hovudinnhaldet i masteroppgåva.

8. Kjeldeliste

Det er god hjelp å bruke referanselisteverktøyet i Word, eller andre verktøy som hjelper deg med å setje opp kjeldelista automatisk.

9. Les korrektur
Støfring meiner det er viktig å lese korrektur grundig før levering. Ho sjølv las gjennom oppgåva si heile ti gonger før ho leverte. Eitt tips kan vere å lese ei og ei side, eller lese setningane frå botnen av sida og opp, for å lettare å sjå eigne skrivefeil.

10. Lever i god tid

Støfring starta å skrive i november og var ferdig med oppgåva til påske i april 2019. Dermed var ho ferdig i god tid til innlevering, noko som gjorde at ho følte at ho hadde fått jobba grundig gjennom alle delane av oppgåva.