• Blogg
  • Tid for nynorsk i lærarutdanninga

Tid for nynorsk i lærarutdanninga

23.10.2020

Foto til nettsak om Tid for ti klart til bruk

SAMARBEIDER: Frå venstre høgskulelektor Guro Kristin Gjøsdal ved Nynorsksenteret, lærar Åse Leikanger ved Dalsfjord skule og førsteamanuensis Kristin Kibsgaard Sjøhelle ved Høgskulen i Volda.

Ved lærarutdanninga i Volda vert det gjort fleire tiltak som skal støtte studentane når dei skal undervise elevar i nynorsk.

Tekst og foto: Ingvild Myklebust Hovden

Tid spelar ei viktig rolle i arbeidet med å gjere lærarstudentane til trygge nynorskbrukarar.

– Det tar tid å meistre språk, og det krev at vi som lærarutdannarar arbeider langsiktig og målretta med nynorskkompetansen til studentane, seier Kristin Kibsgaard Sjøhelle som er førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda.

Eitt av tiltaka er å introdusere studentane for bokantologien Tid for ti og nynorsk litteratur for barn og unge.

Inspirasjonsdag

Nyleg var lærar Åse Leikanger, elevar frå Dalsfjord skule og tilsette frå Nynorsksenteret på besøk i klasserommet til lærarstudentane. Studentane fekk ansvar for å vere vertar for ein inspirasjonsdag der Tid for ti var tema. Tid for ti er ein gratis og nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn som Foreningen !les, Nynorsksenteret og andre nynorskaktørar står bak. Dei som deltek, får utdelt ein antologi med tekstutdrag frå ti gode bøker på nynorsk.

Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret, fortalde om leseaksjonen og kvifor ein bør arbeide med nynorsk litteratur i skulen. Deretter heldt Åse Leikanger eit inspirerande innlegg om korleis dei har jobba med Tid for ti ved Dalsfjord skule. Lærarstudentane stilte aktivt spørsmål til både foredragshaldarane og elevane som har vore med på Tid for ti.

– Målet vårt er å inspirere lærarstudentane til å ta i bruk nynorsk litteratur når dei skal ut og undervise i klasseromma, seier høgskulelektor Guro Kristin Gjøsdal ved Nynorsksenteret.

Digital fagdag

På den digitale fagdagen som Nynorsksenteret skal arrangere torsdag 12. november, skal Kristin Kibsgaard Sjøhelle vise korleis Tid for ti blir eit møte mellom studentar, praksisfelt og fagfolk. Fagdagen er gratis, og du kan melde deg på her.

Du kan lese meir om Tid for ti 2021 og melde på skulen her.

Elevar og studentar1
Studentane fekk stille spørsmål til elevane som har vore med på leseaksjonen Tid for ti.
Studentar og elevar2