• Blogg
  • Tid for ti 2024 er i gang

Tid for ti 2024 er i gang

08.01.2024

Tid For Ti Omslag 2024 til nettside

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon med utdrag frå ti gode nynorskbøker. Det er gratis å delta. 

Tekstutdrag, lydfiler og oppgåver er tilgjengelege for alle fram til sommaren. Utdraga kan takast i bruk både i barneskulen og i ungdomsskulen. 

Les meir her: https://tidforti.no/
Underviser du på 7. trinn og har lyst på fysiske eksemplar av antologien til klassen?
Då kan du bestille her. 

Full bajas til nettside
Full bajas av Ingunn Thon

Full bajas

Orion er perfekt! Han er flinkast i alt og er vand til å få ros for alt han gjer. Han skal dessutan spele ein feilfri og viktig konsert på fløyta si. Den nye læraren let seg ikkje imponere like mykje, og fortel Orion at han skal freiste å vere litt mindre perfekt. Det taklar han ikkje, og han blir fullstendig bajas!

Her finn du utdrag, lydfil, aktivitetar og undervisningsopplegg til Full bajas. 

På Nynorskbok.no kan du lese bokomtale av Full bajas. 

Trollmoll

Birk og mora skal bu eit år hos morfar Leif Kåre. Nabojenta Ada og Birk er vener, og Ada er interessert i bøker om hekseprosessar og historiske hendingar. Snart begynner underlege saker å skje, og Ada meiner det må vere Trollmoll som er på ferde. Ho seier at Trollmoll berre er noko som finst her på øya. Birk er skeptisk og litt redd, men trur at det som hender, må ha ei naturleg forklaring.

Her finn du utdrag, lydfil, aktivitetar og undervisningsopplegg til Trollmoll. 

På Nynorskbok.no kan du lese bokomtale av Trollmoll. 

Trollmoll til nettside
Trollmoll av Åshild Moldskred
Stripe

Jenny Fender

Jenny og Signe er bestevenner og drøymer om å starte rockeband. Men når Signe må flytte frå bygda, mistar Jenny venninna si, og rockestjernedraumen ser ut til å ryke. Eller kan den nye naboen vere redninga? I dette utdraget er klassen på veg heim frå leirskule. Jenny er bussguide og tek oppgåva på alvor. Litt for mykje på alvor, kanskje? 

Her finn du utdrag, lydfil, aktivitetar og undervisningsopplegg til Jenny Fender. 

På Nynorskbok.no kan du lese bokomtale av Jenny Fender. 

Jenny Fender til nettside
Jenny Fender av Heidi Marie Vestrheim
Stripe

Tusen elgar i garasjen

Dette er ei diktsamling for barn. Dikta handlar om mange ulike dyr og fuglar og den plassen dei har i naturen. Dei handlar også om menneska.

Her finn du utdrag, lydfil, aktivitetar og undervisningsopplegg til Tusen elgar i garasjen. 

På Nynorskbok.no kan du lese bokomtale av Tusen elgar i garasjen. 

Tusen elgar i garasjen til nettside
Tusen elgar i garasjen av Sigmund Løvåsen
Stripe

Pepar & Gulrot

Heksa Pepar og katten hennar, Gulrot, elskar eventyr. Dei må takle ulike utfordringar i den magiske verda dei lever i. I dette utdraget skal Pepar vere jurymedlem i den store trolldomskonkurransen.

Her finn du utdrag, lydfil, aktivitetar og undervisningsopplegg til Pepar & Gulrot. 

På Nynorskbok.no kan du lese bokomtale av Pepar & Gulrot. 

Pepar Gulrot bok1
Pepar & Gulrot av David Revoy
Stripe

Tarjei, 13 år

Foreldra til Tarjei skal skiljast. No må han bu med mamma hos den nye kjærasten hennar. Men Tarjei vil ikkje det. Han trivst ikkje der og saknar pappa og det gamle huset. Finst dei ei løysning for han?

Her finn du utdrag, lydfil, aktivitetar og undervisningsopplegg til Tarjei, 13 år. 

På Nynorskbok.no kan du lese bokomtale av Tarjei, 13 år. 

Tarjei 13 år til nettside
Tarjei 13 år av Anja Dahle Øverbye
Stripe

Granittgutta – TikTok-banden

Kameratane Frank og Kristoffer har endeleg fått sommarferie, og dei har blitt med far til Frank, Stein, på ein konferanse for geologar. Gutane har vedda med Stein om at dei kan klare å få 1000 visningar av ein TikTok-film, og då skal dei få 500 kroner kvar. På hotellet forsvinn det ein vikingring frå ein monter, og gutane ser ringen igjen på TikTok. Dei bestemmer seg for å løyse mysteriet, og trur at bandittane har ein møtestad i skogen.

Her finn du utdrag, lydfil, aktivitetar og undervisningsopplegg til Granittgutta – TikTok-banden.

På Nynorskbok.no kan du lese bokomtale av Granittgutta – TikTok-banden.

Tik Tokbanden
Granittgutta–Tiktok-banden av Svein Jarle Åbrekk
Stripe

Den siste krigen. Overleve 3

I spenningsserien Overleve blir vi tatt med til ei nær framtid der menneska er utryddingstruga. Den spennande historia om Jamal og Eira held fram der bok 2 i serien slutta, på dag 26. Dei er om bord på forskingsskipet Bluenose igjen, og på flukt frå nedising og ekstrem kulde. Heile den nordlege halvkula er snart dekt av is. Vulkanutbrot, havstiging og eit uventa ekstremvêr gjer at mange er på flukt. Nokre få har kome seg om bord på Bluenose.

Her finn du utdrag, lydfil, aktivitetar og undervisningsopplegg til Den siste krigen. Overleve 3.

På Nynorskbok.no kan du lese bokomtale av Den siste krigen. Overleve 3.

Den siste krigen bok3 til nettside
Den siste krigen. Overleve 3 av Tor Arve Røssland
Stripe

Historia om Erling Braut Haaland

I Historia om Erling Braut Haaland får vi vite korleis ein gut frå vesle Bryne kunne bli ein av dei mest ettertrakta fotballspelarane i verda. Her får vi høyre meir om tida i Molde Fotballklubb, Red Bull Salzburg, Borussia Dortmund, spel for landslaget og om korleis Haaland følgde farens fotspor til Manchester City der historia utspelar seg no.   

Her finn du utdrag, lydfil, aktivitetar og undervisningsopplegg til Historia om Erling Braut Haaland.

På Nynorskbok.no kan du lese bokomtale av Historia om Erling Braut Haaland.

Historia om Erling Braut Haaland til nettside
Historia om Erling Braut Haaland av Ørjan Zazzera Johansen
Stripe

Du veit ingenting

Anna og Tina er gode vener og går i same klasse. Simone som også går i klassen, har invitert alle på bursdagsfest. Tina har latt seg overtale til å bli med dit, sjølv om ho ikkje liker Simone så godt. Anna trur at kjekke Gustav kjem på festen, derfor vil ho dit. Tina er også storesøstera til Erika, ei jente med nokre utfordringar. 

Her finn du utdrag, lydfil, aktivitetar og undervisningsopplegg til Du veit ingenting. 

På Nynorskbok.no kan du lese bokomtale av Du veit ingenting. 

Du veit ingenting til nettside
Du veit ingenting av Sigrid Agnethe Hansen