• Blogg
  • Tid for ti 2026 er i gang

Tid for ti 2026 er i gang

03.01.2026

Bokstriper komprimert til nettside

Leseaksjonen Tid for ti 2026 er no tilgjengeleg på denne nettsida. Du finn utdrag frå ti nynorske bøker som passar for elevar på 7. og 8. trinn. Til alle utdraga finst det lydfiler og undervisningsopplegg.

Vi har laga eit oppstartsopplegg til årets aksjon, og 19. januar kl. 15.00 vert det eit kort lærarkurs. Meld deg på ved å sende ein e-post til petra@stiftelsenlese.no

21. januar kl. 11.00 vert årets leseaksjon lansert på Vinjesenteret i Telemark. Ein samtale med forfattar Helene Guåker blir strøymd til alle påmelde klasser, medan elevar frå Rauland barne- og ungdomsskule er så heldige at dei kan stille spørsmål frå salen. Strøyminga varer ein halv time og vert tilgjengeleg i ei veke, slik at du som lærar kan velje om du vil vere med direkte eller nytte opptaket i klassa.
Her kan du følge strøyminga

Alle antologiane på papir er tinga, men klassa kan framleis bli med på leseaksjonen digitialt.  

Tips! Ønsker du å lage ei utstilling med alle dei ti bøkene som er med i Tid for ti 2026? Då kan du skrive ut desse fine bokstripene i fargar. 

Har du spørsmål om Tid for ti 2026?
Her finn du praktisk informasjon. 
Du kan også sende e-post til petra@stiftelsenlese.no