• Blogg
  • Tjakob slår eit slag for psykisk helse

Tjakob slår eit slag for psykisk helse

23.05.2023

Portrett av Kari kontrast redigert til nettside

Kari Stai er forfattaren bak barneboksuksessen Jakob og Neikob.

Barna elskar dei tydelege og stiliserte figurane Jakob og Neikob. Kari Stai er den som har tenkt ut, teikna og skrive bøkene. Sjølv kjenner ho seg meir som ein Tjakob.

Tekst: Heidi Fagna
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

«Dette er Jakob og Neikob. Dei bur i lag på ein bakketopp. Jakob seier ja til alt, og Neikob seier nei til alt.»

Om lag slik startar alle sju bøkene om Jakob og Neikob. Dei to vennene ser rett på lesaren. Jakob smiler og Neikob ser litt fortapt ut, med sur munn. Begge har hatt, den eine slips og den andre sløyfe, og dei er oransje og blå.

– Kanskje har eg treft litt med at det er så ope og lett tilgjengeleg. Jakob smiler sånn at me kjenner oss velkomne inn i bøkene. Og så er der små scener som det er lett å gå inn, med ein enkel og tydeleg tematikk, seier Kari Stai i podkasten Bakom boka.

Tjuven slår tilbake til nettside

Den første boka om dei kontrastfylte vennene kom i 2008 og den siste i 2022. Utover i serien er der fleire alvorlege tema, som framandfrykt, forsøpling og det å vere annleis.

Målgruppa for Jakob og Neikob er barn i førskulealder og på småtrinnet, men dei har nokre kvalitetar som gjer at dei også treffer større barn og vaksne. Stai leikar med språket og bruker mykje humor. Bøkene er omsette til fleire språk, og Stai har fått mange prisar for dei. I 2012 fekk ho den prestisjetunge Brageprisen for Tjuven slår tilbake, som er den andre boka om Jakob og Neikob.

– Eg ser veldig opp til både Jakob og Neikob, som er så tydelege. Sjølv er eg ein Vinglekob. Det stod i eit intervju med meg ein gong at «sjølv er ho Tjakob», og det er heilt sant, seier Stai.

Opnar for samtalar

For sjølv om bøkene verkar enkle, har dei mange lag. Dei er gode utgangspunkt for samtalar om store tema som livsmeistring og filosofi. Stai synest det er viktig for oss alle å hugse på at det finst både Jakob- og Neikob-dagar.

– Me blir jo like skuffa kvar gong livet buttar, men der er jo nokre bølgjedalar, og me må tole litt motstand. Eg såg ein gong ei teikning av nokre batteri med pluss i begge endane, og dei batteria verkar jo ikkje. Eg håpar bøkene om Jakob og Neikob seier noko om at me må ha både det positive og det negative, og gjerne også få oss til å drøfte kva som er positivt, og kva som er negativt. Me treng både motstand og flyt for at det skal bli utvikling, seier Kari Stai.

Resten av bøkene om Jakob og Neikob:

Mopp og Mikko elskar kjoretoy

Mopp og Mikko

I 2011 gav Kari Stai ut fire peikebøker om dei to vennene Mopp og Mikko som elskar mykje forskjellig. I den eine boka elskar dei dyr, i ei anna mat, i ei tredje køyretøy og i den fjerde elskar dei ting. Dei køyrer rundt og samlar opp gjenstandar heilt til køyretøyet deira er fullt. Kvar side har illustrasjonar og litt tekst.

– Det er litt spenning i bøkene når køyretøyet blir fullt. Det må jo alltid vere ei lita krise, og så må det gå bra til slutt, seier Stai.

Alle bøkene om Mopp og Mikko:

Passe happy til nettside

Barn med tankespinn

Etter fleire år med dei overtydelege Jakob og Neikob, skreiv Kari Stai ein roman på 200 sider som er heilt annleis. I Passe happy møter me 12 år gamle Juri, som står i altfor mange problemstillingar på ein gong.

– Eg hadde behov for å skrive noko der alt er litt utydeleg. Juri er hovudpersonen i boka, men eigentleg er det jo uvissa som er hovudpersonen. Han er den usikre guten mellom barndom og ungdom som ikkje heilt slepper barndommen og heller ikkje gir seg heilt over til ungdommen.

Sjølv var Kari Stai eit grublande barn, med ein del tankespinn. Og akkurat det har vorte tittelen på ein av romanane hennar. I Tankespinn møter me Ada som kjenner seg utanfor; triste og vanskelege tankar tek til å vekse i hovudet hennar. Det var ingen gjennomtenkt plan for Stai å skrive mange bøker om psykisk helse. Det berre vart slik.

– Me er jo menneske med behov og udekte behov, og psykisk helse er ein heilt naturleg del av av oss. Eg har vore eit grublande barn sjølv, så eg kjenner at eg har mykje erfaring med å ha litt tankespinn. Det har sikkert vorte eit slags normaliseringsprosjekt. Det er nok veldig mange forfattarar som ønskjer å seie at «du er ikkje åleine» og la lesaren kjenne at me forstår, seier Stai.

Gratispassasjer i nynorsken

Kari Stai voks opp på Inderøy nord i Trøndelag. Ho hadde nynorsk som hovudmål heile grunnskulen og på vidaregåande skule. Seinare gjekk ho lærarskule på Notodden, og det har alltid falle ho naturleg å bruke nynorsk.

– Eg har vore ein privilegert gratispassasjer i nynorsk. Eg har alltid brukt det, men eg måtta passere 40 år før eg oppdaga at eg er veldig glad i nynorsk. Eg håpar eg oppnår noko gjennom å bruke det i bøkene mine. Eg synest det er eit nydeleg skriftspråk. Det høyrest kanskje litt flåsete ut, men eg kjenner bokmål er litt som loff, og nynorsk er litt som grovbrød. Og eg elskar loff, berre så det er sagt! Nokre gonger er det det eg vil ha. Men eg opplever at nynorsken har mange nyansar og meir substans. Det er jo mange som seier at dei synest nynorsk er fint i dikt. Eg bruker å seie at eg synest bokmål er fint i dikt. Nynorsken er mykje meir enn eit diktspråk. Du kan banne på nynorsk. Det er eit tøft, fint og rikt skriftspråk, seier Kari Stai i podkasten Bakom boka frå Nynorsksenteret.