• Blogg
  • Utviklar nytt skriveverktøy

Utviklar nytt skriveverktøy

10.01.2022

Marte og Anja redigert versjon til nettside

Marte Syvertsen Fjeld (til venstre) er produktansvarleg for Skrible i KF og Anja Zawadzka Persvold er produktansvarleg for Skrible i NTB Arkitekst.

Skrible er eit digitalt skriveverktøy som støttar både nynorsk og bokmål.

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Foto: KF og NTB Arkitekst

Skrible er eit digitalt skriveverktøy frå Kommuneforlaget (KF) og NTB Arkitekst. Målgruppa for Skrible er elevar på 5.–10. trinn, men det kan også brukast i vaksenopplæring og vidaregåande skule. Verktøyet er nettbasert slik at det skal fungere på PC, nettbrett og Chromebook.

– Vi har bygd opp Skrible på ein pedagogisk måte heilt frå starten av. Elevane får tilbakemeldingar undervegs på kva dei kan gjere for å forbetre tekstane sine, seier Marte Syvertsen Fjeld som er produktansvarleg for Skrible i KF.

Skrible vurderer tekstane til elevane, men rettar ikkje. Når elevar får forslag til omskrivingar på nynorsk eller bokmål, må dei skrive inn endringane i teksten sjølve. På førehand kan læraren definere kva verktøyet skal vurdere i kvar av elevtekstane. For nokre av elevane kan det vere snakk om å ha hovudvekt på det å hugse stor bokstav, medan andre skal få melding frå programmet om dei har variert språk, god rettskriving og god bruk av avsnitt. Læraren kan dermed tilpasse opplæringa og vurderinga ut frå nivået til kvar enkelt elev.

– Målet vårt er at læraren skal kunne bruke tida si på det som er det viktigaste i undervisninga, nemleg å skape skriveglede og gje gode tilbakemeldingar til elevane. Når ein bruker Skrible, vil både eleven, læraren og teknologien jobbe saman for å gjere teksten god, seier ho.

Illustrasjon 1 Skrible
På førehand kan læraren definere kva verktøyet skal vurdere i kvar av elevtekstane.

På nynorsk og bokmål

Det som skil dette skriveverktøyet frå mange andre digitale verktøy, er at Skrible har vorte utvikla på nynorsk og bokmål parallelt.

– Vi er stolte over at vi har utvikla Skrible på både nynorsk og bokmål samstundes. Du må velje om du vil skrive nynorsk eller bokmål. Språkmotoren fungerer like godt på begge målformer, og du kan enkelt byte målform i ein tekst, men Skrible er ikkje ein omsettar, seier Anja Zawadzka Persvold som er produktansvarleg for Skrible i NTB Arkitekst.

Skrible kan dermed bli eit viktig verktøy både for elevar som har nynorsk som hovudmål, og elevar som har nynorsk som sidemål.

– Eg trur ein av dei største fordelane med Skrible er at elevane får tilbakemeldingar undervegs, og at det held elevane aktive, seier ho.

NTB Arkitekst har arbeidd mykje med klarspråk gjennom fleire år.

– Vi ser at det er ikkje berre offentlege etatar som treng klarspråk. Alle treng å kunne skrive klart og tydeleg. Vi håper Skrible kan hjelpe elevane til å forstå at det handlar ikkje berre om å skrive rett, men også om å skrive godt, seier Anja Z. Persvold.

Bakgrunnen for prosjektet var eit ønske om å styrke dei grunnleggande ferdigheitene til elevane slik at dei kan delta i det demokratiske samfunnet. Skrible er tverrfagleg og legg vekt på at skriving er ein prosess. Lærarar kan knyte kompetansemål frå alle fag direkte til oppgåvene i Skrible.

Illustrasjon2 Skrible
Det som skil dette skriveverktøyet frå mange andre digitale verktøy, er at Skrible har vorte utvikla på nynorsk og bokmål parallelt.

Ta kontakt

Skrible er under kontinuerleg utvikling.

– Vi vil gjerne at lærarar skal få teste og gje oss tilbakemeldingar på Skrible, seier dei.

Dersom du ønskjer å teste Skrible, kan du ta kontakt via nettsida deira.

Illustrasjon 3 Skrible
Elevane får tilbakemeldingar undervegs på kva dei kan gjere for å forbetre tekstane sine.