Vår i barnehagen
01.03.2024
Snøen smeltar, vegane er berre og fuglane kvitrar nøgde medan dei flyg frå tre til tre og samlar kvist til nye reir. Endeleg er våren her, og naturen kallar på liten og stor! Her følger tips og idéar til korleis ein kan arbeide tverrfagleg med naturen som språkarena.
Tekst: Hildegunn Hovde
Foto: Tira M. Hole Grimstad
«Fjellbekken klukkar ein kjent melodi,
no er det vår, no er det vår.
Og fuglane kvitrar frå brattaste li,
no er det vår igjen.»
Vårvise, tekst/mel: H. Reigstad (www.tunkatten.no)
For dei minste i barnehagen er våren eit eventyr av ei årstid. Biller, mark, rumpetroll og flygande vesen skal sansast og studerast, blomar skal plukkast og sølepyttar utforskast. Dei minste er i nær kontakt med bakken, og turen ut i naturen treng ikkje å vera lang for å by på spaning. Leik med steinar, kvistar, kongler, gras og blomar kan by på språkstimulerande samtalar om tekstur, farge, form, mengde og namn frå flora og fauna. Våren opnar også for å legge til rette for estetiske opplevingar i naturen. Eit døme på dette er land art, altså naturkunst. Land art er ei retning innanfor moderne kunst som oppstod på 60-talet, og mange barnehagar i Noreg har teke kunstforma i bruk som ein skapande aktivitet i lag med barna. Kunsten er meint å vera forgjengeleg, og dette treffer godt leiken, kreativiteten og skapartrongen barna har i møte med naturmateriale. Dei vaksne kan til dømes laga ein sansesti med naturkunst, slik at dei minste kan utforske og stimulerast til å laga eigne kunstverk. Dokumenterer ein prosessen med bilete, kan ein henge dei opp inne på avdelinga og legge til rette for mange gode samtalar i etterkant av opplevinga.
Gode bøker for dei minste om våren er I skogen og Leit og finn i Vrimleby. Vår. Båe er kartonerte og er like gode i tursekken som inne i barnehagen. Ei lesestund under eit tre kan by på ei triveleg oppleving for både barn og vaksne, og kven veit, kanskje kryp det ein edderkopp forbi ...?
For dei større barna er våren ei årstid prega av utforskarglede. Dei møter gjørme, insekt og vekstar med like stor iver som dei minste, og lagar gjerne naturkunst på eige initiativ. Barna kan her støttast i arbeid med teknologi ved å dokumentere ulike kunstverk og til dømes skape ei digital forteljing saman med barnehagelærarane, ei fotobok i Book Creator, eller rett og slett ei fotoutstilling i garderoben. Utover våren kan ein med stor glede gå på jakt etter blomar i nærområdet. Snøklokker, krokus, påskelilje og hestehov tittar fram allereie i februar/mars, og fram mot mai/juni dukkar kvitveis, blåveis, stemorsblom, løvetann og kvit- og raudkløver opp. Kor mange ulike blomar kan ein finne i nærområdet til barnehagen? Kva blomar er giftige, og kva blomar kan vi eta? Dette er ei god anledning til å snakke om botanikk og språk, da mange blomar ikkje berre har eit latinsk og to norske namn, men også dialektnamn. Ein fin aktivitet knytt til dette er å presse blomar og laga ein stor plakat med blomsternamna på nynorsk til bruk i barnehagen.
Gode bøker for dei eldste er Himmelspringaren og Ylva og villgeitene. Dei tek for seg tematikk som mangfald, mot, det gode og det vonde, og vårens høgdepunkt for mange: lamming og kjeing. Med utgangspunkt i desse bøkene kan ein legge til rette for rolleleik ute i naturen. Barna kan byte på roller, spela ut ulike scener og på denne måten oppmodast til å nytte det nynorske skriftspråket i leik. Det Norske Samlaget har gjeve ut Mine små leksikon på nynorsk, og desse eignar seg godt til bruk i barnehagen. Skogen og Ved sjøen er gode bøker å ta med seg på tur, og som eit supplerande opplegg kan ein laga bingo med gjenstandar ein ynskjer at barna skal finne etter lesestunda: kongle, lauv, snigel, buskar og anna. Bruk gjerne skrift i bingoen, slik at ein stimulerer til interesse for og utforsking av skriftspråket.
Teksttips
Ressurs
Her finn du mange gode tips til korleis ein kan nytte naturen til språkstimulering og leik med skriftspråk.
Bøker til å ha med på tur ut i naturen
Kva seier Rammeplan for barnehagen?
Kommunikasjon, språk og tekst:
Personalet skal
- skape eit variert språkmiljø der barna får oppleve glede ved å bruke språk og kommunisere med andre.
- invitere til ulike typar samtalar der barna får fortelje, undre seg, reflektere og stille spørsmål.
- inkludere alle barna i språkstimulerande aktivitetar.
Natur, miljø og teknologi:
Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna
- får oppleve og utforske naturen og mangfaldet i naturen.
- lagar konstruksjonar av ulikt materiale og utforskar kva moglegheiter reiskapar og teknologi kan by på .
Kunst, kultur og kreativitet:
- Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna
får arbeide med inntrykk og kjensler i møte med kunst, kultur og estetikk gjennom skapande verksemd ute og inne . - Bruker ulike teknikkar, materiale, verktøy og teknologi til å uttrykkje seg estetisk.
Personalet skal
- synleggjere og skape estetiske dimensjonar i inne og uteromma i barnehagen.
Kjelde: Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 48–52.