• Blogg
  • Vil du samarbeide med Nynorsksenteret?

Vil du samarbeide med Nynorsksenteret?

15.11.2021

Illustrasjonsfoto 4 trinn komprimert

Arbeider du som lærar på 4.–7. trinn på ein skule med bokmål som opplæringsmål?
No kan du søkje om å bli med på eit spennande samarbeidsprosjekt med Nynorsksenteret.

Illustrasjonsfoto: Ingvild Myklebust Hovden

Språkløypepakken Sidemål på mellomsteget. God start med nynorsk byggjer på forsking og på erfaringane frå satsinga Tidleg start. Det er nokre år sidan dette prosjektet, og vi vil derfor invitere nye skular med bokmål som opplæringsmål til å søkje om midlar og starte eit samarbeid med Nynorsksenteret. Målet er å nå skular over heile landet og å utvikle nye ressursar i samarbeid med praksisfeltet. Vi inviterer skular og klassar på 4.–7. trinn over heile landet til å søkje, og vil velje ut inntil tre skular til å ta del. Send e-post til irene@nynorsksenteret.no innan 1. desember 2021.

HVO tilsett Irene Åbrekk Kalvatn Foto Lea Albertsen2 til nettside
Irene Åbrekk Kalvatn ved Nynorsksenteret er kontaktperson for prosjektet. (Foto: Lea Albertsen)

Dette får skulane som er med på satsinga Kreativ NYnorsk:

  • 10 000 kroner som de kan disponere til inspirerande tiltak, til dømes nynorske barnebøker, forfattarbesøk, leseprosjekt, til Norsk Barneblad eller anna kreativ nynorskstimulering. Skriv i søknaden kva de ønskjer å bruke midlane til.
  • Fagleg samarbeid med Nynorsksenteret med gratis oppstartssamling (digital/fysisk) i januar–mars 2022 og ei undervegssamling hausten 2022. Nynorsksenteret vil også følgje opp lærarane undervegs. Samarbeidet varer til 1. juni 2023.
  • Skulane skal ta i bruk minst eitt av Bok på 1-2-3-opplegga som ligg på nynorsksenteret.no.
  • Nynorsksenteret får ta del i erfaringane og kan lage nye ressursar basert på samarbeidet.

Kontaktperson: Irene Åbrekk Kalvatn, irene@nynorsksenteret.no (telefon: 70 07 51 50)

«Alt som er kjekt, gjer vi på nynorsk»
(Ingvild S. Rullestad, lærar ved Finstad skole i Lørenskog (Tidleg start 2014–2016)