Wollah! Gled deg til side 35! Parlesing som inngang til leseglede
02.01.2025
Leseopplevingar er til for å delast
Elevane mine har lese i 10 minutt, då den eine guten på bakarste rad bryt ut: «Wollah, gled deg til side 35!». Eg må smile for meg sjølv, for det er ikkje ofte eg opplever spontan entusiasme for ei bok i klasserommet.
Tekst og foto: Jorid Saure
Å lese same bok og dele erfaringar undervegs gjer lesinga til ein felles aktivitet og til ei sosial oppleving. Tenåringsguten sin begeistra respons viser oss korleis parlesing kan vekkje kjensler i oss, noko som kan gjere lesinga både meir meiningsfull og motiverande. Når to eller fleire les den same boka, tek elevane del i ei felles, litterær verd. Det gjer det enklare å diskutere handlinga, personane og scenene i romanen, som igjen kan vere med på å forsterke leseopplevinga. Å sjå ein tv-serie som ingen andre har sett, kan vere kjekt, men det blir endå kjekkare når du kan diskutere episodane og hendingane som utspeler seg, med nokon. Slik er det med bøker også. Dei bør lesast og diskuterast. Difor er det ein verdi i å la elevane lese dei same romanane slik at dei får oppleve litteraturen saman.
Gjer lesinga til ei felles, meiningsfull oppleving
At leselyst må vere basert på fri vilje, betyr at elevane må kjenne på ein indre motivasjon til å ta fram boka og bla om. Når fleire engasjerer seg i den same boka, får elevane moglegheit til å dele spenninga og forventningane med kvarandre. Dette kan igjen skape ein slags felleskap kring lesinga som kan vere avgjerande for om elevane får lyst til å lese vidare. Når du som lærar eller bibliotekar legg til rette for at fleire elevar les den same boka, kan det vere ein heilt konkret måte å prøve å fremje den indre lesemotivasjonen hjå elevane på.
Samspel med andre fremjar motivasjon
Utbrotet femtenåringen braut lesestilla med i klasserommet, viser korleis elevane kan fremje leseglede hjå kvarandre. Det sosiale som elevane forbind med lesinga, kan gjere lesinga hendingsrik og verdfull. Lesinga blir ikkje berre knytt til noko elevane opplever åleine, men også noko dei kan utveksle meiningar og tankar om. Når elevar les same bok, dannar dei eit lite læringsfellesskap der dei kan diskutere både plott, scener og tema. Eit slikt fellesskap kan gje elevane ei kjensle av tilhøyrsle, noko som er avgjerande for å utvikle indre motivasjon. Elevane får oppleve at lesinga ikkje berre er noko dei må gjere, men noko dei vil gjere, fordi det gjev dei høve til å delta i ei felles, meiningsfull oppleving.
Saman om lesing!
For kort tid sidan la regjeringa fram Sammen om lesing – Leselyststrategien 2024–2030 (Kultur- og likestillingsdepartementet, & Kunnskapsdepartementet, 2024). I strategien kjem det tydeleg fram at skulen skal satse på lystlesing. Elevar som les same bok og utvekslar tankar om henne, kan hjelpe kvarandre i å få ei djupare innsikt i teksten. Fellesskapet kring lesinga kan vere med på å gjere både engasjementet og motivasjonen kring lesinga sterkare. I eit innlegg i Aftenposten (27.11.2022) åtvarar forfattar Arne Svingen mot å gjere bøker om til tran – til noko elevane berre må gjere fordi det er sunt for dei. Kanskje kan nettopp det å leggje til rette for at fleire av elevane les den same boka, gjere lesinga til meir ei felles oppdaging enn ei einsam plikt? For vi vaksne må hugse på: Leselysta vekkjer elevane best hjå kvarandre.
Her finn du tips til spennande og engasjerande ungdomsbøker på nynorsk, som er fine å lese i par eller i større grupper:
Saiko av Linn T. Sunne.
Nedteljing av Anders Totland.
Eg skal rive deg i filler av Therese Garshol Syversen
Hjartespreng av Inger Johanne Sæterbakk
Glimt av Tor Arve Røssland
Ser du dette? av Sigrid Agnethe Hansen
Vulkanen vaknar. Første bok i serien Overleve av Tor Arve Røssland
Eg er V-Vida av Tone E. Solheim
Eg har venta på deg av Atle Hansen
Den tolvte spelaren av Tor Arve Røssland
Litteratur:
Bråten, I., & Thurmann-Moe, A. C. (1996). Den nærmeste utviklingssonen som utgangspunkt for pedagogisk praksis. I I. Bråten (Red.), Vygotsky i pedagogikken (s. 11–27). Cappelen akademiske forlag.
Kultur- og likestillingsdepartementet, & Kunnskapsdepartementet. (2024). Sammen om lesing: Leselyststrategien 2024-2030. Regjeringen. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/sammen-om-lesing.-leselyststrategien-2024-2030/id3040859/?ch=1
Ryan, R. M., & Deci, E. L. (2000). Self-determination theory and the facilitation of intrinsic motivation, social development, and well-being. American Psychologist, 55(1), 68–78.https://selfdeterminationtheory.org/SDT/documents/2000_RyanDeci_SDT.pdf
Skarðhamar, A.-K. (2005). Kunsten å lese skjønnlitteratur. Universitetsforlaget.
Vygotsky, L. (1978). Mind in society: The development of higher psychological processes. Harvard University Press.
Svingen, A. (27.11.2022). Hvem skal lese bøker i fremtiden? Aftenposten.
https://www.aftenposten.no/meninger/kronikk/i/4oOEm9/hvem-skal-lese-boeker-i-fremtiden
Vygotsky, L. (1978). Mind in society: The development of higher psychological processes. Harvard University Press.
Vygotsky, L. (1986). Thought and language (A. Kozulin, Overs.). MIT Press.