• Blogg
  • Ytring: Ein læreplan i strid med seg sjølv?

Ytring: Ein læreplan i strid med seg sjølv?

24.01.2022

Jens Bertel Kyed til nettside

Det er framleis kort tid sidan den nye læreplanen vart teken i bruk. Erfaringane er difor enno ikkje dei heilt store. Med fagfornyinga kom mykje godt tankegods inn i læreplanen, ikkje minst i norskfaget. Samstundes vart karakterkravet i norskfaget endra. Resultatet er blitt ein læreplan som i mitt syn, trass gode intensjonar, endar opp med å vere i strid med seg sjølv.

Tekst: Jens B. Kyed, lektor med tilleggsutdanning, NTG Bodø og nynorskstudent ved Høgskulen i Volda

Eg er sjølv bokmålsbrukar, og eg underviser på ein skule i Nord-Noreg der bokmål er hovudmålet til elevane. For meg har nynorsk alltid vore sidemål, og når eg no tek opp læreplanen og kva den seier om norskfaget og sidemålsundervisninga, så tyder sidemål nynorsk i mine øyre.

Aldri før har vi hatt ein læreplan som så tydeleg legg opp til jamstilling og jamn progresjon i læringa av begge målformer i skulen. Eg tykkjer det er utruleg flott at elevane skal møte sidemålet allereie i dei fyrste skuleåra og før dei er ferdige med fjerde trinn kunne lese tekstar og analysere desse på begge målformer. Innan dei er ferdige med sjuande trinn, skal dei øve på å skrive på sidemålet. Det er altså ein klar plan for ein jamn og god progresjon i innlæringa av sidemålet til elevane frå dag ein i den nye læreplanen. Men sjølv om intensjonen i læreplanen er god her, tyder erfaringane mine som forelder på at det er langt att før dette vert realitet i småtrinna på skulen.

Men attende til intensjonen til den nye læreplanen. Når elevane kjem til ungdomssteget, er målet at eit godt grunnlag for den vidare læringa av sidemålet skal vere på plass. Elevane kan no gå djupare inn i nynorskmaterien og lære seg grammatikk og rettskriving og nytte nynorsk i dei fleste samanhengar. Men samstundes skjer det noko som ikkje eg skjønar. Medan læreplanen er nokså tydeleg på at det framleis skal vere jamn progresjon i nynorsklæringa gjennom heile ungdomssteget, så seier han samstundes at det ikkje skal gjevast karakter i nynorsk før i tiande trinn. I åttande og niande klasse skal elevane berre ha to norskkarakterar, ein munnleg og ein skriftleg. Dette er i grell kontrast til korleis det var før innføringa av fagfornyinga. Då fekk elevane tre norskkarakterar gjennom heile ungdomssteget. Tilhøvet er identisk også for vidaregåande skule i studiespesialiserande utdanning, her og er nynorskkarakteren fjerna frå dei to fyrste skuleåra.

Eg er usikker på kor gjennomtenkt denne endringa er. Eg kan på den eine sida forstå intensjonen til departement og fagfolk som meiner at dersom ein tar bort sidemålskarakteren, så vil det ta noko av karakterpresset frå elevane og gje norsklærarane større fridom til sjølve å legge opp eit høveleg løp som gjer nynorsk til ein integrert del av norskfaget. Diverre er eg, i likskap med andre kritikarar, redd for at intensjonen druknar i ein kvardag pressa på tid. For utan eigen karakter, så fell også ein viktig motivasjonsfaktor bort frå undervisninga. Dersom ein ikkje er særs oppteken av sidemålets stilling og verdien av å regelmessig øve og praktisere båe målformene i norskundervisninga og i elevarbeida, så er vegen kort til å nedprioritere nynorsken og rette søkjelyset mot dei mange andre momenta som elevane skal lære i norskfaget. Det er ikkje akkurat flust av tid lærarane har til disposisjon for å jobbe seg gjennom alle krava til læreplanen i løpet av tre år på ungdomssteget eller vidaregåande for den saks skuld.

Sjølv om Stortinget har lovfesta at elevane dei to siste åra av ungdomssteget har rett på opplæring i nynorsk, er nok langt frå alle norsklærarar innforstått med dette. Og karakterordninga i den nye læreplanen kan fort gjere det slik at nynorsken vert nedprioritert dei to fyrste åra, heilt eller delvis, og fyrst får full merksemd det siste året, når elevane skal ha karakter i faget. Det same kan fort skje på vidaregåande skule. Dermed vert også planen om ein jamn progresjon i innlæringa av sidemålet brått broten – stikk i strid med intensjonen til læreplanen. Men like fullt eit resultat av karakterordninga den same læreplanen legg opp til.

Karakterordninga kjem rett og slett lett i vegen for dei gode intensjonane til læreplanen, og då er eg redd karakterane lett vinn framfor intensjonane. Og elevane og nynorsken? Dei vert begge den tapande parten. Elevane får ikkje den jamne læringsprogresjonen som læreplanen i prinsippet legg opp til, og som samsvarer godt med språkbadfilosofien. I staden må dei lære seg nynorsk intensivt og meir etter dei gamle metodane for pugging av grammatikk og skriveøvingar. Det tykkjer eg er trist.