• Blogg
  • Ytring: Eit ordentleg skolebibliotekløft nå!

Ytring: Eit ordentleg skolebibliotekløft nå!

22.09.2020

Vibeke svart genser NETT

Å satse på gode skolebibliotek med fagutdanna tilsette som kan formidle rett bok til rett lesar til rett tid, er viktigare enn nokon gong, meiner Vibeke Røgler i Foreningen !les.

Tekst: Vibeke Røgler
Foto: Kristin Strøm

Aksjon skolebibliotek er ei samanslutning av organisasjonar som arbeider for å styrke skolebiblioteket i Noreg. Gruppa blei oppretta i 2016. Gjennom dette arbeidet har eg som Foreningen !les sin representant sett meg grundig inn i skolebibliotekpolitikk og lese forskingsrapportar frå inn- og utland. Ein ting er tydeleg: lista over argument for kvifor skolebiblioteket er så viktig, er uendeleg lang. Oppfatninga mi er at det herskar brei politisk semje om at skolebiblioteka er viktige. Det er derfor bekymringsfullt at det blir foreslått å ytterlegare svekke skolebiblioteka si stilling i skolen i forslaget til ny opplæringslov.

Resultata frå PISA 2018 viser at fleire elevar enn før fortel at dei ikkje bruker tid på å lese på fritida. Samtidig aukar tida dei bruker på å lese på skjerm. Det er ein større andel enn i 2009 som rapporterer at dei ikkje les i det heilt tatt, eller at dei berre les viss dei må. Barn og medium-undersøkinga 2020 viser at dei alle fleste barn og unge i alderen 9–18 år har eigen mobil (97 %), og samla sett bruker 90 prosent av norske 9–18-åringar eitt eller fleire sosiale medium. Ungdom bruker mindre tid saman med kvarandre og meir tid framfor ulike skjermar. Over halvparten bruker skjerm meir enn tre timar dagleg utanom skoletida. Det er med andre ord ikkje overraskande at tid til den viktige fritidslesinga går ned. I Sverige peiker ein på at den søkkande trenden for lesing i Norden, sett opp mot andre OECD-land, kan vere den auka bruken av data og IT i skolen, som er høgare i Norden enn i samanliknbare land.

Rett bok til rett lesar

Skolen er den viktigaste arenaen for å nå barn og ungdom uavhengig av sosioøkonomisk bakgrunn. Eit skolebibliotek med eit mangfald av oppdatert litteratur, kan gi alle barn og unge gode leseopplevingar gjennom heile skoleløpet. I den svenske rapporten «Läsandets årsringar» som nyleg er lagt fram, blir det framheva kor viktig det er å gi barn og unge sterke leseopplevingar. Forfattarane av rapporten hevdar at det er sterke leseopplevingar som gir lesemotivasjon, og at det skal vere sjølve målet med undervisninga. Å investere i lesing alt frå ung alder bidrar til å utjamne sosiale forskjellar, skape kulturelle fellesskap og felles referanserammer.

I følgje PISA har lystlesing (leseengasjement) meir å seie for elevanes skoleprestasjonar enn høg sosioøkonomisk status. Det viser seg at elevar frå heimar med låg sosioøkonomisk bakgrunn, men med høg leselyst, gjennomsnittleg skårar betre enn elevar med middels og høg sosioøkonomisk bakgrunn, men med mindre leselyst. Førsteamanuensis ved OsloMet, Thomas Eri, meiner at «en positiv slutning som kan trekkes av dette, er at selv om skolen ikke kan endre elevenes sosiale status, er det faktisk mulig å gjøre noe med deres holdninger og engasjement når det gjelder lesing».

Når den første leseopplæringa er unnagjord, er det viktig å vidareutvikle leseferdigheitene. Lystlesing i barndommen heng saman med utviklinga av språk og vokabular. Skolen har eit sosialt mandat om ei likeverdig opplæring. Alle skal ikkje bli litteraturelskarar, men alle skal få moglegheita til å bli det.

Trivsel og eit godt læringsmiljø

Skolebiblioteka har sosiale funksjonar. Her er skolebibliotekaren tilgjengeleg og nær elevane i og utanom undervisninga, og ho/han er ein del av skolens arbeid med skolemiljøet. Dei kan bidra til å gi elevane tryggheit og ein sosial fellesskap gjennom skoledagen. Trivsel og eit godt læringsmiljø er avgjerande faktorar for at ungdom skal fullføre opplæringa. Skolebiblioteket er ein arena der vaksne, elevar og litteratur kan møtast på andre vilkår enn i klasserommet. Det er ein fristad utan forventningspress og prestasjonsfokus. Det speglar skolens satsing på lesing, og legg til rette for god formidling og eit godt læringsmiljø som er tilpassa kvar enkelt elev. I ein ny rapport om kvalitet skolen kjem det fram at skolemiljøet er viktig for kor mykje elevane lærer. Svensk forsking konstaterer at elevane løftar fram skolebiblioteket som ein plass for skolerelatert lesing så vel som fritidslesing. (Gärden 2017: Skolbibliotekets roll för elevers lärande, Kunglinga Bibliotek)

Opplæringslova

Opplæringslova skal sikre alle elevar tilgang til skolebibliotek, men dette veit vi ikkje stemmer med tilbodet i dag. Velfungerande skolebibliotek er avhengig av eldsjeler ved skolane. Dermed blir også tilbodet til elevane svært ulikt. Målet må vere at alle elevar skal ha tilgang til gode skolebibliotek som bidrar til å gi elevane gode leseopplevingar og opplæring i leseferdigheiter, djupnelæring, danning og kritisk tenking. Ved å satse på skolebibliotek kan vi gi alle elevar lik tilgang til leselyst, informasjon og kunnskap, også dei med ingen eller få bøker heime.

Den nasjonale lesestrategien «Gi rom for lesing! Strategi for stimuleringa av leselyst og leseferdighet 2003–2007» hadde som mål å stimulere til lesing hos barn og unge, og auke kompetansen i bruk av skolebibliotek. Strategien blei ytterlegare styrkt med «Program for skolebibliotekutvikling 2009–2013» som blei evaluert, men dessverre aldri vidareført. I ein av hovudkonklusjonane står det:

Det er Kunnskapsdepartementet som har ansvar for skolebibliotekene og om skoler har skolebibliotek, jf. Opplæringsloven. Det er Kulturdepartementet som har ansvar for biblioteksektoren. I den norske konteksten får det konsekvenser at kultur og kunnskap er atskilt: Strategier er svakt forankret på kommunenivå fordi lovendringer har svekket graden av forpliktelse, og fordi skolebibliotek ikke er prioritert på nasjonalt nivå […].

Bibliotek
Illustrasjonsfoto: Ingvild Myklebust Hovden

Denne konklusjonen er frå 2014, og dessverre er utviklinga av skolebiblioteka i Noreg ytterlegare svekt. Det er derfor svært bekymringsfullt at det i forslaget til ny opplæringslov blir foreslått å fjerne «skolebibliotek» frå lovteksten og erstatte det med at elevane skal ha «tilgang til eit bibliotek». Dette er meir enn berre ei språkleg forkorting. Skolebiblioteket er eit pedagogisk verktøy og ein læringsressurs som skolen har ansvar for. Med den nye lovteksten kan dette ansvaret leggast over på folkebiblioteka, som allereie har avgrensa ressursar. Folkebiblioteka har heller ikkje som mandat å skulle vere bibliotek tilrettelagt for skolen.

Det nye lovforslaget for skolebibliotek i NOU 2019:23 er i sterk kontrast til situasjonen i Sverige, der eit eige utval under Kunnskapsdepartementet skal sjå på korleis ein kan gi elevane eit meir likeverdig skolebibliotektilbod. «Å styrke bemanninga i skolebiblioteket og gi alle elevar likeverdig tilgang til skolebibliotek, styrker undervisninga,» seier den svenske kunnskapsministeren Anna Ekström.

For dagens og kommande generasjonars leseopplevingar får vi håpe at dei foreslåtte endringane frå «skolebibliotek» til «bibliotek» ikkje går igjennom, og at teksten i opplæringslova om skolebibliotek derimot blir utdjupa og styrkt. Berre på den måten kan vi sikre at alle barn og unge i Noreg får det same tilbodet, og at kommunar, skolar og skoleeigarar blir haldne ansvarlege for å gi sine elevar gode leseopplevingar, informasjon og kunnskap.

Meir informasjon

Høyr meir om kva fagfornyinga er og kva skulebibliotek kan bidra med her ved Christian Bjerke, førstelektor ved Høgskolen i Østfold. (Lydopptak frå Skolebibliotekkonferansen 2019)