• Blogg
  • Ytring: Format i samspel

Ytring: Format i samspel

01.04.2022

Ole IB Storø Foto Kristin Strøm til Insta

Lydboka har mange fordelar. Men fører lytting til meir lesing, og kva skjer med formidlinga viss biblioteka ikkje har gode nok lydboktilbod?

Tekst av: Ole I.B. Storø, Foreningen !les
Foto: Kristin Strøm

Nyleg kom rapporten «Barnlitterära strömningar» (Ann Steiner og Karl Berglund 2022) som gir ei oversikt over lydbøker for barn på den svenske marknaden. Perspektiva der er nok ikkje ulike dei her heime. Til forskjell frå til dømes vaksenlitteraturen, som oftast har handla om innlesen tekst, har lydformatet for barn kopla på andre medium som musikk, effektar og ulike stemmer. Med smarttelefon og nettbrett er lydboka meir tilgjengeleg enn nokon gong, og plattforma for strøyming blir stadig betre. Det gir moglegheiter for ei utforsking av formatet som kan by på mange nyskapande og kreative konsept.

Lydbok som supplement

Lydboka bidreg til underhaldning og kunstnariske opplevingar, og til ei demokratisering av litteraturen ved at alle kan få moglegheit til å ta del i dei same historiene og dernest samtalane. Det opplever vi òg i våre prosjekt i Foreningen !les. Steiner og Berglund poengterer likevel at det ikkje er «sterke indikasjonar på at barn går frå å lytte til lydbøker til å lese trykte tekstar», sjølv om lydbøker kan vere «eit pedagogisk verktøy som støtte i leseopplæringa». Forskarane påpeikar at det er «viktig at lytting til lydbok ikkje erstattar boklesing, særleg i ei aldersgruppe der teknisk lesetrening er sentralt å øve på», og «ettersom barn behøver lesetrening, er det viktig at lydbøker ikkje erstattar innkjøp av trykte bøker i skulen». Lydbøker må heller reknast som eit supplement, meiner dei.

Alle desse momenta er viktige å finne ut meir om, og vi treng eit betre kunnskapsgrunnlag enn vi har i dag. Kva blir til dømes konsekvensane av barn sin motivasjon og kompetanse som lesarar dersom lytting i større grad tek over for tekstlesing? Korleis kan formata utfylle kvarandre betre? Og korleis kan vi bevare breidda og samtidig sørge for at barn får gode litterære opplevingar og auka lesedugleik? Dette er spørsmål eg håpar både forskarar, nasjonale senter og litteraturbransjen her heime vil sjå nærare på.

Kommersiell formidling

Biblioteksektoren etterlyser betre avtalar slik at dei kan låne ut lydbøker i større omfang enn tilfellet er no. Steiner og Berglund stiller spørsmål ved korleis til dømes utforminga og kurateringa av litteraturen, spesielt til barn og unge, vil bli i ein kommersiell marknad. Med auka lytting av lydbøker, men framleis dårleg tilgang via biblioteka, vil strøymetenestene sine anbefalingar kunne «få større betyding og i praksis fungere som ei kommersielt styrt litteraturformidling», skriv dei i rapporten.

I eit slikt formidlingsterreng får algoritmar og kommersielle aktørar meir makt over kva slags lydbøker som blir løfta fram og gjort synlege. Då kan ein risikere å miste breidda i litteraturutvalet og at dei engasjerte formidlarane som vi har i dag i skule, bibliotek og bokhandlarar, blir mindre viktige. Dette er eit viktig politisk spørsmål. Desse problemstillingane må diskuterast grundig slik at vi kan opparbeide oss større kunnskap om korleis vi på ein best mogleg måte kan utvikle litteraturen i ulike format, få til eit betre samspel mellom formata, og sikre at eit breitt utval av litteratur finn vegen til unge lesarar og lyttarar rundt omkring i heile landet.