• Blogg
  • Ytring: Studentane må få lære nynorsk!

Ytring: Studentane må få lære nynorsk!

10.02.2017

16709460 10154835622535943 336911375 o 825x510

Eg er ikkje lærarutdannar. Eg har ikkje skrive mastergrad i didaktikk. Eg har ikkje meir enn skarve 60 studiepoeng i norsk eingong. Likevel har eg, som lærarstudent og nynorskforkjempar, skrive ganske mange ord om korleis me lærarstudentar burde lære nynorsk.

Tekst: Elise Tørring

Mitt personlege møte med nynorsk i lærarutdanninga kan vel ikkje seiast å vere anna enn ei solskinshistorie. Eg søkte meg inn på grunnskulelærarutdanninga 5–10 ved Høgskulen i Oslo og Akershus som bokmålsbrukar med heilt alminneleg gode karakterar i bokmål og nynorsk. Haldningane eg hadde til den norske skriftspråksituasjonen, var positive, om enn ikkje særleg medvitne.

Bada i nynorsk

Nynorsken møtte meg frå dag éin på lærarutdanninga. Me regelrett bada i nynorsk. Mange av førelesarane var nynorskbrukarar sjølv og brukte nynorsk på førelesingar, i frontermeldingar, ja, i alle kanalar, som den mest sjølvsagde ting. Me fekk kurs i nynorsk grammatikk ganske tidleg, noko fleirtalet nok var takksame for. Sidemålsdidaktikk skulle me au ha. Dessutan skulle me lese mange barnebøker, fleire av dei på nynorsk, og me fekk vite at me skulle levere eksamensmappe på nynorsk til våren. Eit arbeid me skulle byrje på med ein gong, altså om lag to veker inn i studieløpet. Eg skjønte tidleg at nynorsk var noko eg gjerne ville og rett og slett måtte meistre.

Eg byrja å notere på nynorsk i timane, laga snarveg på mobilen til det som då var UiO si nettbaserte ordbok og prøvde meg på å skrive nynorsk til vennar og kjende på meldingar og i sosiale medium. Seinare, etter kvart som nynorsken grodde inn i fingrane mine, fann eg ut at eg måtte byte hovudmål. Det var det rette for meg. Eg ville bli verdas beste nynorsklærar.

«Okei», tenker kanskje du, «er det vits i å skrive dette innlegget viss sola skin og alt er bra?» Jau då. Vits er det. For eg går på ei av mange lærarutdanningar. Eg skal bli 5–10-lærar med norsk som fag ein. Det er heilt tilfeldig at eg har eit godt forhold til nynorsk.

Den typiske historia

Ein kan utdanne seg til å bli lærar på fleire måtar enn ein kan telje på ei hand. Berre på Høgskolen i Oslo og Akershus, der eg går, kan ein bli barnehagelærar, grunnskulelærar for første til sjuande trinn og for femte til tiande trinn, og faglærarar i andre fag. På universitet og høgskular elles i landet kan ein bli musikkpedagogar, gå lektorutdanningar, og ein kan så klart ta praktisk-pedagogisk utdanning og bli lærar på den måten. I tillegg kjem dei mange fagkombinasjonane ein kan velje. Læraryrket er ei svært mangfaldig utdanningsretning og eit spennande yrkesval. Det er kjempeflott at ein har mange moglegheiter til å kvalifisere seg til verdas finaste jobb. Likevel er det fare for at dei mange vegane til målet gjer at grunnleggande kunnskap som alle framtidige lærarar treng, blir prioritert i ulik grad. Det openberre dømet er nynorsk og nynorskopplæring av lærarstudentane.

For sjølv om eg og dei andre som har studert norsk på GLU 5–10 på HiOA har fått god opplæring i og om nynorsk, betyr ikkje det at det skjer på andre utdanningsinstitusjonar.

Medstudentane mine på HiOA er jamt over flinke folk. Dei er interesserte og oppegåande menneske som heilt oppriktig gler seg til å bli ferdige med utdanninga så dei kan kome ut i skulen og jobbe med barn og unge. Men dei får ikkje god opplæring i nynorsk. Jau då, på HiOA er faktisk nynorsk ein del av faget pedagogikk og elevkunnskap. Alle studentar, uansett fag, får grammatikkurs det første året og må skrive nokre tekstar på nynorsk i løpet av studietida.

Men kva er eigentleg HiOA sin tanke med at studentane skal skrive på nynorsk? Skal dei lære det, eller skal dei bevise at dei kan det når dei må? Dessverre trur eg svaret litt for ofte er det siste. For dei fleste studentane som ikkje har vakse opp med nynorsk, eller som har norsk som fag, er nynorsk framleis noko anna enn norsk. Å levere arbeidskrav på nynorsk blir eit ork, både fordi dei ikkje skjønar kvifor dei må det, men kanskje helst fordi dei ikkje har fått god nok opplæring i språket.

Men, som nemnt, har iallfall HiOA nynorsk i tankane når dei skal utdanne framtidas lærarar uansett kva fag dei tar. Det er dei nesten åleine om. I Proba-undersøkinga «Undersøkelse av nynorsk som hovedmål» frå 2014, skriv Inger Vederhus og Synnøve Skjong at berre fire av nitten institusjonar sikrar at lærarar som ikkje skal undervise i norsk får opplæring eller vurdering i norsk. Det kan få alvorlege konsekvensar for nynorsk i skulen. Det same gjeld lektorprogramma, men kanskje her i endå større grad. Dei som skal bli lektorar i norsk, lektorar, altså, får ikkje noka opplæring i nynorsk. Dei må au bevise at dei kan det gjennom tekstproduksjon, men rettskrivinga må dei kunne frå den vidaregåande opplæringa.

Konsekvensane eg fryktar kjem av dette, er at me får endå fleire lærarar, både i norsk og matematikk, med dårlege haldningar til nynorsk fordi dei aldri har fått lære det skikkeleg. Og som framtidas lærarar, rollemodellar, er eg redd haldningane deira kjem til å smitte over på elevane.

Eg seier ikkje at lærar- og lektorutdanningane burde bli likare. Det meiner eg heller ikkje. Kva eg meiner å seie, er at utdanningsinstitusjonane i større grad burde bli medvitne kva didaktiske grep dei sjølv gjer når det kjem til opplæring i og om nynorsk for oss som ein dag skal bli lærarar.

Ein god nynorsklærar har kunnskap om meir enn grammatikk

I den nynorskdidaktiske Bibelen, Norsk = nynorsk og bokmål, som me heldigvis har på pensum på HiOA, skriv Synnøve Skjong at lærarkompetanse er avgjerande for god nynorskopplæring. Men kva kompetanse har ein nynorsklærar då? Spør du Rammeplanane for grunnskulelærarutdanningane, skal alle lærarar meistre båe språka så godt at dei skal kunne bruke dei i profesjonssamanheng. Eg går ut frå at det vil seie at dei skal kunne undervise på båe skriftspråka. Det inneber grammatisk kunnskap og at dei kan fagomgrep på både bokmål og nynorsk. Spør du meg kva kunnskap eg treng for å kunne bli ein god nynorsklærar, treng eg mykje meir enn berre nynorsk rettskriving. For å vere ein god matematikklærar må ein vel vere god til meir enn å rekne? Min nynorske draumelærar har mykje kunnskap om desse punkta: nynorsk rettskriving, norsk språkhistorie og den norske språkstoda i dag, fagterminologi på nynorsk, dei språklege rettane til elevane og nynorskdidaktikk. Lat oss ta det punkt for punkt.

Ein god nynorsklærar meistrar sjølvsagt rettskriving og språkføring i nynorsk i same grad som i bokmål. Om rettskrivinga må vere plettfri, kan vel diskuterast, men det må ha høg standard. Personleg meiner eg at ho sjølvsagt er viktig, men at ho ikkje treng å vere perfekt. Kor mange skriv eigentleg feilfritt på bokmål? Det er uansett ikkje det aleine som er viktig for å lære elevar nynorsk.

For å kunne legitimere nynorsk for elevane (noko eg har måtta gjere i kvar einaste nynorsktime eg har hatt i praksis), må nynorsklæraren kjenne den norske språkhistoria. Det historiske argumentet for å halde på nynorsken kan kanskje verke abstrakt for ein del elevar, men i den danningsprosessen det norske skulesystemet er, bør dei få innblikk i det au. Dessutan får det fram at nynorsken er bygd på demokratiske prinsipp meir enn bokmålet er. Lærarutdanningane må hugse på at dei aller fleste lærarstudentane er «produkt» av den norske skulen. Det er ikkje lenge sidan me sjølv var elevar, og det er slettes ikkje sikkert at me har erkjent denne kunnskapen når me startar utdanninga. Derfor må lærarutdanninga ta ansvar og kanskje særleg presentere argument for nynorsk og sidemålsopplæring for lærarstudentane.

Ein annan, kanskje meir aktuell måte å legitimere sidemålsundervisninga for elevane på, er å forklare den norske språkstoda slik ho er i dag. For mange lærarstudentar i bokmålsland, og det er flest av dei, er nynorsk eit abstrakt språk som kanskje er fint i dikt, men ikkje noko særleg meir. Heilt konkrete tal kan endre på det. Kor mange som har nynorsk som hovudmål finst det ikkje skikkeleg statistikk på, men ein reknar med at det er mellom 10 og 15 %. Eit kjapt reknestykke fortel oss at det ikkje er så reint få: minst 520 543 individ. I 2016 blei det målt 76 549 grunnskulelevar som har nynorsk som hovudmål. Det er ikkje få. Nynorsken er ikkje døyande eller utdatert. Han er aktuell, levande og i utvikling, og det må lærarstudentar få vite om. Ikkje minst fordi dei kanskje ein dag blir lærarar for elevar med nynorsk som hovudmål. Då held det ikkje å berre forstå nynorsk. Du må au kunne bruke det i ein fagleg samanheng, au i andre fag enn norsk.

Derfor treng me å ha fagomgrep på nynorsk i ordtilfanget vårt. Å lære noko handlar i stor grad om å kunne snakke om fag på ein fagleg måte, altså med fagomgrep. Ein naturfagslærar må vite at bevegelsesenergi heiter rørsleenergi på nynorsk, og ein (K)RLE-lærar må vite at trosbekjennelse heiter truvedkjenning. Viss dei ikkje kan det, korleis skal dei kunne gi omgrepsapparatet sitt vidare til elevane? Men viss me ikkje får desse omgrepa i utdanninga vår, blir terskelen høg for å lære seg det.

For elevane har rett til å få opplæring på si eiga målform. Eit kjapt søk på lovdata bekreftar at skulane skal leggje til rette for læremiddel på nynorsk, det inneber au at elevar med nynorsk som hovudmål bør få undervisning på sitt eige språk med jamne mellomrom. Dessutan kan norske elevar sjølv velje hovudmål frå åttandeklasse av. Ansvaret ligg ikkje berre hos lærarane her, men au hos skuleleiinga og skuleeigaren. Likevel har det mykje å seie for elevane det gjeld, og for nynorsken i det heile, at lærarar veit om kva språklege rettar elevar i det norske skulesystemet har.

Det siste punktet, nynorskdidaktikk, gjeld på den eine sida mest for norsklærarar. At ein norsklærar må kunne nynorskdidaktikk, burde vere sjølvsagt. Kva skal ein med ein engelsklærar som ikkje kan lære bort engelsk? Men når me veit at norsklektorstudentar ikkje får noka opplæring i det, må det seiast likevel. Norsklærarstudentar ha sidemålsdidaktikk på pensum. Viss dei ikkje får det, er sannsyna stor for at dei lærer bort nynorsk på same måte som dei sjølv blei lært nynorsk. Grammatikkundervisning og «skriv eit lesarinnlegg der du gir uttrykk for dine haldningar til nynorsk». Kor tenleg er eigentleg det for nynorsken?

Litt nynorskdidaktikk burde eigentleg alle lærarstudentar ha. Om ikkje anna for å bli medvitne på at måten dei snakkar om nynorsk påverkar kva haldningar elevar og foreldre får til språket.

Det store spørsmålet: korleis kan lærestadene utdanne nynorske draumelærarar?

I nynorskdidaktikken er det tre sentrale punkt. For å lære nynorsk som sidemål må ein lese nynorsk, skrive nynorsk. Helst skal ein starte med dette så tidleg som mogleg, slik at ein kan utvikle gode haldningar til språket. Det er iallfall det eg har lært om korleis eg kan lære bort nynorsk til mellom- og ungdomsstegselevar. Eg trur lærarutdanningane må gjere nokre didaktiske grep for at det skal skje, og eg meiner det bør vere slik:

Studentane må skrive meir nynorsk – med god opplæring og oppfølging

Når ein skal lære nynorsk, kjem ein ikkje unna at ein må skrive det. Og nokre av oss studentar gjer jo det. Litt. Når det krevst. Eg trur me lærarstudentar må skrive meir nynorsk enn det me gjer, viss me skal lære det. Då eg byrja på utdanningsløpet mitt, hadde eg, som nemnt, lite erfaring med å skrive nynorsk. No gjer eg det kvar dag, men eg har ikkje gløymt korleis ein skriv bokmål likevel. For meg var mappeeksamen nøkkelen til nynorskmeistringa.

Mappeeksamen var noko av det første som møtte meg på lærarutdanninga. Tekstane handla i hovudsak om barne- og ungdomslitteratur og norskdidaktikk, men det treng dei jo ikkje gjere. Tenk om ein kunne få til ei slik ordning i andre fag enn norsk? Ikkje berre hadde det hjelpt på rettskrivinga, eg trur au det hadde påverka dårlege haldningar til nynorsk. Erfaringane frå denne eksamensforma på HiOA bekreftar det.

Studentane må få sjå meir nynorsk

Lærarutdannarane må ta sin del av ansvaret. Då tenker eg ikkje berre på dei som underviser i norsk, men au dei som underviser i pedagogikk og alle dei andre skulefaga. Eg meiner sjølvsagt ikkje at pedagogikklærarar skal stå og lære oss nynorsk verbbøying og lese Jon Fosse annankvar førelesing, men dei bør bruke nynorsk av og til. Anten det er i frontermeldingar, oppgåvetekstar, fagplanar eller på PowerPointar. Eg trur det vil alminneleggjere nynorsken for studentar som har lite erfaring med han frå før. Eg nemnde at studentane må få adoptere eit nynorsk omgrepsapparat. Viss eg fekk sjå nynorsk på førelesingar utanfor norskfaget av og til, hadde det vore mykje enklare å tileigne seg det. Ei tilleggsløysing kan vere at alle studentar får fagspesifikke ordlister med fagomgrep på nynorsk. Nokre av desse finst allereie, men me treng fleire. Me må erkjenne at nynorsk er eit språk som fungerer uansett kva fag me skriv i. Då må det vere tilgjengeleg for studentar flest. Dessutan hadde det vore god støtte, au for nynorskstudentar, til eksamen.

Studentane må ha gode rollemodellar

Historia mi som nynorskkonvertitt og -entusiast er ikkje over enno. Språket har framleis ein stor plass i kvardagen min, og eg skriv ikkje bokmål anna enn når eg må. Men det er ikkje like enkelt å vere nynorskskrivande lærarstudent no som då eg tok norsk. Eg har møtt ulike haldningar til nynorsk frå lærarar, alt frå dei som oppriktig ønsker å gjere ein innsats, til dei som tydeleg blir brydde av at eg i det heile tatt nemner det. Eg har til og med opplevd at førelesarar har stått på fellesførelesing og snakka om kor rart det er at nokon vel å byte hovudmål frå bokmål til nynorsk. Spør du meg, er ikkje det eit smart pedagogisk grep. For akkurat som eg gjennom min lærarkarriere kjem til å vere rollemodell for hundrevis av elevar, er faktisk lærarutdannarane rollemodellar for oss. Då må dei rett og slett bli medvitne om korleis dei snakkar om nynorsk. Kva deira personlege meining om nynorsk er, er eigentleg ikkje relevant så lenge det kjem så tydeleg fram av planverket at alle lærarstudentar skal lære det.

Så kva kan eg seie? Eg er kanskje ikkje lærarutdannar. Eg har enno ikkje skrive mastergrad i didaktikk. Eg har framleis ikkje meir enn skarve 60 studiepoeng i norsk eingong. Men ein dag skal eg lære elevar på femte, sjette, sjuande, åttande, niande og tiande trinn nynorsk. I lærarutdanninga mi har eg fått vite at desse elevane treng å lære nynorsk over tid, at det krev meir enn berre grammatikkundervisning, og at eg helst burde bruke det i fleire fag enn berre norsk for å lære bort språket skikkeleg. Dei må sjå nynorsk i bruk, og dei må ha rollemodellar som tar språket på alvor. No er det opp til utdanningsinstitusjonane å forstå at me lærarstudentar treng det same.