• Blogg
  • Ytring: Verdien av lesing

Ytring: Verdien av lesing

01.11.2021

Lesing hovudbilete

«Høgtlesing, er det så viktig, då?» Det korte svaret er «ja». Og når ein svarer ja på dette spørsmålet, er det fordi lesing og språkutvikling heng saman. Lesing rommar så mykje og er ikkje berre ein aktivitet for aktiviteten si skuld. Lesing har ein språkleg verdi.

Tekst: Irene Åbrekk Kalvatn
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

I Rammeplanen for barnehagen står det at «alle barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen, og få delta i aktivitetar som fremjar kommunikasjon og ei heilskapleg språkutvikling.» Vidare står det at «barnehagen skal bidra til at barna opplever spenning ved høgtlesing, forteljing, song og samtale.» Høgtlesing er såleis ein naturleg og viktig aktivitet allereie frå barnehagealder.

Leseglede

Gjennom lesing skapar du relasjonar, samtaler, spenning og glede. Eit barn som er vant med å bli lese for, har lettare for å sjølv få interesse for lesing. Lesing gir også barnet referansepunkt som kan knytast til det kvardagslege livet. Frasar som «snipp snapp snute» vil til dømes kunne knytast opp mot at noko er slutt. I tillegg vil barnet lære seg mønster for dei ulike litterære sjangrane etter kvart som dei møter dei. Har barnet høyrt eventyr fleire gongar, har barnet ei viktig erfaring å ta med seg inn i sitt eige arbeid med å skrive eller fortelje eventyr seinare i livet.

Det litterære møtet

Det første litterære møtet skjer allereie når barna opnar si første peikebok. Her skjer den litterære samtalen mellom den vaksne og barnet, der dei snakkar om det dei ser i bøkene. Ved å lese slike bøker kan ein øve på omgrep og ord, som til dømes preposisjonar, fargar og dyrenamn. Etter kvart som barnet får meir lese- og språkerfaring, vil det vere naturleg å lese bøker med meir tekst. Erfaringar viser at barnet ofte sjølv gir uttrykk for når det er «ferdig» med ei bok og er klart for å flytte seg vidare til neste nivå i leseprosessen.

Ordbank

Gjennom å lese bøker vil barnet få tilgang til ord som ein ikkje nødvendigvis ville fått tilgang til i ein daglegdags samtale. Dei møter fantasifigurar som troll, hekser og eldsprutande drakar, og ein kan lese om trollmannshattar og tjuvar. Når ein les, får barnet moglegheit til å lære og å forstå ord, og vokabularet vert stadig større. Forsking viser at eit barn må høyre eit ord mange gongar før det tek det opp i sitt eige vokabular. Dette viser også at det å lese dei same bøkene om att fleire gonger, er lurt.

Les orda slik dei står

Er du ein av dei som fell for freistinga å lese bøkene på dialekt? Då er du ikkje aleine, og ein tenkjer gjerne at ein får meir eigarskap til teksten ved å lese det på talemål. Men dersom ein les orda på dialekt, gjer ein ungane ei såkalla «bjørneteneste». For det norske språket inneheld mange dialekter, men har to offisielle skriftspråk. Borna skal etter kvart lære seg å nytte skriftspråket i eigne tekstar, og då er det ein stor fordel at dei har skjønt at talemål og skriftspråk ikkje alltid er likt. Derfor er det viktig å lese «kvifor» når det står «kvifor» i teksten, sjølv om ein på dialekt ville ha sagt noko anna.

Leseopplevinga

Vi vaksne er viktige brikker i barna si leseoppleving, og derfor er også organiseringa av høgtlesinga vesentleg. Barna brukar fleire sansar i lesestunda, og nedanfor finn du nokre tips til korleis ein kan stimulere sansane til barna når ein les.

  • Vis bileta i boka samtidig som du les.
  • Bruk konkretar / «leik» bøkene.
  • «Leit etter» i bøkene.
  • Stemmebruk og innleving gir borna erfaringar i språkbruksmønster.
  • Les i passe tempo.
  • Ha blikkontakt.
  • Ta pausar. Det gir tid for refleksjon.
  • Følg opp innspel frå borna.

Les!

Hovudbodskapen i denne teksten er at lesing er viktig! Lesing er språkstimulerande, og ved å starte tidleg med lesing, gir ein ungane eit godt utgangspunkt for skrive- og leseopplæringa dei møter når dei tek til på skulen. Lesing er ein samlande aktivitet som skaper relasjonar, glede, utfordrar kreativiteten og fantasien, skapar undring og dialog. Treng du boktips? Sjekk ut nynorskbok.no.

God lesnad!

Kjelder:

Rammeplan for barnehagen, 2017.

Trine Solstad, 2008: Les mer! Utvikling av lesekompetanse i barnehagen.

Trude Hoel, https://sprakloyper.uis.no/barnehage/sprakarbeid/sprak-og-lesing/sprak-og-leseaktiviteter/sprak-og-leseaktiviteter

Lesing med dei minste til nettside
Forsking viser at eit barn må høyre eit ord mange gongar før det tek det opp i sitt eige vokabular. Dette viser også at det å lese dei same bøkene om att fleire gonger, er lurt.