Lesing og skriving i bobler – arbeid med teikneserie

Å lese og skrive teikneseriar er å arbeide med samansette tekstar. Illustrasjonane og den skriftlege teksten utfyller kvarandre, og det stiller andre krav til slike tekstar enn til andre sjangrar. Dette kurset viser korleis du kan jobbe med teikneseriar i klasserommet. Du får også ei innføring i nynorske teikneseriar de kan bruke som modelltekstar.

Nynorsksenteret kan skreddarsy kurset etter ønske frå dykk. Moglege emne er:

  • Nynorske teikneseriar
  • Elevane lagar teikneseriar sjølve
  • Innføring i teikneseriemediet – verkemiddel, særpreg og sjangrar
  • Arbeid med samansette tekstar

Omfang

  • Totimarskurs/førelesing
  • Firetimarskurs
  • Kurset kan gå inn som ein del av eit halvdags- eller heildagskurs

Kontaktpersonar